Boklansering 2015

Også i år møtte det mange til den etterkvart tradisjonelle boklanseringa ved Heidal skule. Det er tydeleg at boka er populær blant bygdafolket.

Heidal Musikkforening fekk ein eigen artikkel i årets bok, og som takk for dette spelte dei nokre nummer for dei frammøtte.

Under lanseringa vart det også delt ut premie til vinnarane av quizen under "Ope helg".

Heidal Musikkforening spelte, og Gustav Ekre fortalte og viste nokre bilete fra boka.

Etter kaffepausa fortalte tidlegare medlemmar av musikkforeninga om det «indre liv» i korpset frå starten av og framover.

Her ser vi eit bilete av nokre av artikkelforfattarane til årets bok. Alle fekk utdelt eit eksemplar av boka.