- på Heidal-kyrkjegarden er nå fotografert og registrerte
Organisasjonen DIS-Norge har i mange år gått i bresjen for å få
registrert og fotografert gravplassane i Noreg, og frå før er både
Sel og Nord-Sel kome på "nettet". Når nå Heidal òg er kome med,
så er Sel kommune dermed komplett i så måte.
DIS-Norge, der DIS står for Databehandling i Slektsforskning, er
ein non-profit-organisasjon tenkt til hjelp for slektsgranskarar.
DIS-Norge er landets største forening for slektsgranskarar med nær på 9.000 medlemer. Formålet er å skapa eit landsdekkjande forum for slekts- og personhistorie der databehandling og Internett vert brukt som hjelpe-medel, spreie kunnskap om dette og ellers stimulere til slektsforskning i Norge.
DIS Norge
har 19 lokallag og desse dekkjer alle landets fylker, og alle medlemer er tilknytt eit lag. Laga står for den lokale aktiviteten i foreninga, dei held møter, temakveldar og kurs. Kva for aktiviteter som foregår i det enkelte distrikt framgår av heimesida for det einskilde laget. Dei fleste laga har starta opp med graplass- og kyrkjebokregistrering. Dette er eit enormt dugnadsarbeid som vert gjort for at vi alle skal få enklare tilgang til kjeldene.

Mykje av aktiviteten er basert på Internett og elektronisk post. Slektsforum og DISchat er tenester som skapar kontakt mellom medlemene, og der vert det gjeve svar på spørsmål innan data og slektsforskning.

M
edlemsbladet, Slekt og Data, er eit fagblad med eit variert innhald som vil vera av interesse for alle slektshistorie- og lokalhistorieinteresserte. Bladet kjem ut fire gonger i året. Medlemene kan lesa alle tidlegare årgangar på foreningas heimeside.

Forutan aktivitet på det lokale plan har foreninga eit styre som blir valgt på landsmøtet anna kvart år. Foreningas kontor ligg i Oslo og er samlokalisert med Norsk Slektshistorisk forening. Kontoret vert kalla Slektsforskernes Hus og er bemanna med ein kontorleiar og to deltidsansatte.

DIS-Norge har to faglege utval for internett og for slektsfagleg verksemd. I tillegg vert det etter behov danna prosjekt for større oppgåver. For tida er prosjekta ”Gravminner i Norge”, DIStreff, Kirkebokregistrering og ”Lag Slektsbok” i aktivitet.

I tillegg vert det danna grupper for mindre tiltak. For tida er det ei gruppe i gang for å koma fram til etiske retningsliner for foreninga og for slektsforsking, medan ei anna arbeider med tilbod til slektsforskarar om testamentering av slektsforskingsmateriale.

DIS-Norge
er tilslutta Norges kulturvernforbund og studieforbundet FOLK - og har eit godt samarbeid med Riksarkivaren. Dei samarbeider òg med andre nordiske foreningar for slektsforskning gjennom NORDGEN.

Når det gjeld m.a. gravminne-registreringa er foreninga avhengig av frivillig bistand, og på Heidal-kyrkjegarden er det webansvarleg for desse sidene, Arne Jan Randen frå Lørenskog, som har fotografert gravsteinane og seinare skrivi av all teksta frå desse. Han fortel at det var eit langt meir omfattande arbeid enn det han hadde sett for seg på førehand, særleg det sistnemnde.

Adressa til DIS-Norge sine sider er http://www.disnorge.no/cms/

Heilt til høgre på sida er ein "knapp" Gravminner i Norge som tek ein til sida der det kan søkjast på gravplass, namn osb.

Denne lenken vil truleg ta deg direkte til Heidalssida. Lukkast det ikkje ved fyrste forsøk,
så prøv ein gong til.

Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet retro jordans for sale cheap jordan shoes sport blue 3s concord 11s michael kors outlet new jordans 2014 louis vuitton outlet jordan 6 sport blue jordan 6 sport blue jordan 6 history of jordan jordan 6 sport blue cheap air jordans beats by dre outlet sport blue 6s sport blue 3s Lebron 12 cheap jordan shoes louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet michael kors outlet michael kors outlet louis vuitton outlet jordan 6 sport blue cheap jordans history of jordan 6s kate spade outlet louis vuitton outlet lebron 12 coach factory jordan 3 sport blue nike kd vii louis vuitton outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet jordan 11 concord jordan 6 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet