150-årsjubileum for Kristian Prestgard

Sundag 22. mai 2016 kl. 19.00 i Heidalshallen

 

I år er det 150 år sidan heidølen, norskamerikanaren, bladmannen og forfattaren Kristian Prestgard kom til verda. Heidal historielag vil markere dette ved å invitere alle til ein festkveld i Heidalshallen.

 

Program

·        Utdrag frå spelet om ”Det fyrste Amerikabrevet” av Kristian Prestgard

·        Radioopptak frå 1941 med Kristian Prestgard

·        Song og musikk ved Ranglarkampen kamferkor og  Heidal musikkforening

·        9. klasse ved Heidal skule sel kaffe, brus og biteti

·        Utlodding

·        Utstilling av foto og bøker m.m. etter Kristian Prestgard

 

Gratis inngang!