|
Årsmelding 2006
23.08.2005 31.12.2006
|
|
Heidal Historielag vart skipa den 23. august 2005. Så vidt vi veit vart det fyrste historielaget i Heidal stifta i 1952 med navnet Heidal Heimbygdslag. Dette vart nedlagt fyrst på 90-talet og sidan då har det ikkje eksistert noko historielag i bygda.
Styret har i perioden hatt denne samansetninga:
Ola Stormyrengen (leiar), Pål Prestgard (nestleiar), Ståle Rønningen (kasserar), Sverre Svindland (sekretær) og Guri Brobakken (styremedlem)
Det har vore 4 styremøter i perioden.
I tillegg har det vore 3 opne møter med om lag 20 frammøtte kvar gong.
- Møte der Ivar Teigum fortalde om bygdebokarbeidet med vekt på det som gjeld Heidal.
- Tor Stallvik var her ein kveld og fortalde om Nordalsarkivet og slektsgransking.
- Det siste opne møtet var framsyning av gamle bilde frå Heidal. Magne Teigen og Svein Lien viste fram bilder frå arkivet sitt.
I samband med ope helg den 20. august 2006 blei det arrangert tur til Veslvasseter. Det var 9 som var med på turen. Olaf Aaseng viste rundt og fortalde om ystinga.
I utgangen av perioden var det berre 22 medlemmer i laget. Det har vore tungt å koma i gong. Det er mange planer og mykje interessant å jobba med men førebels er det lite konkret vi har fått til.
Det er starta ei undergruppe i laget. Dette er ei intervjugruppe som har til hovedoppgåve å intervjue eldre folk i bygda om hendinger dei har opplevd eller kjenner til. Dette blir teke opp på video og teke vare på og er i samarbeid med Sverre Nybø som har drive på med dette ei tid.
På same måten kan vi tenke oss å organisera arbeidet i laget med undergrupper for ymse prosjekter/interesseområder. På litt sikt vil dette kunne resultere i skriftleg arbeid som kan gjevast ut i hefte eller bokform.
Vi vonar at bygdefolk og andre vil støtte opp om laget og ta aktivt del i dette arbeidet framover.
Heidal, 15. januar 2007.
Styret i Heidal Historielag
|
|
|