Årsmelding 2007


Årsmøte for forrige periode blei avholdt 6. februar 2007.

Styret i historielaget har hatt denne samansetning i 2007:
Pål Prestgard, nestleiar - Ståle Rønningen, kasserar - Sverre Svindland, sekretær - Guri Brobakken, styremedlem og Sverre Nybø, styremedlem. Det har ikkje vore nokon spesiell leiar i perioden, men styret har fungert tilfredsstillande med den arbeidsfordelinga vi har hatt.

I tillegg til årsmøtet for 2006 har det vore avholdt 7 styre-møter forrige år. Det blei avholdt ope møte i mars om fornminner der Tor Einbu holdt foredrag om massefangst-anlegget på Slådalsfjellet og om alle funna i Aursjøbassenget. Møtet resulterte i danning av ei undergruppe innan arkeologi.

Det blei avvikla dagstur til fangstanlegget på Kviknegråhøa med godt oppmøte. I samband med ope helg arrangerte historielaget tur til Øykjeholet med Helge Frikstad som kjentmann. Historielaget var også medarrangør på seterkvelden på Heidalstun i november saman med seterprosjektet.

Personer frå styret har teke del i arbeidet med bureisar-senteret på Murudalen og teke del i møter om Trykkju mølle og Heidal kommunehus.

Heidal Historielag er innmeldt i Gudbrandsdal historielag og i Landslaget for lokalhistorie.

Intervjugruppa driv framleis på med arbeidet sitt. Det hadde vore ynskjeleg med fleire personer til dette arbeidet og at historielaget skaffer seg eige opptaksutstyr.

Arkeologigruppa har hatt oppstartmøte og har gjennomført ein del kveldsvandringer på forskjellige plasser. Det har vore tur til bygdeborga/fangstanlegget på Kleivom. Me har sett på ymse fornminner i nærområdet ved Heidal Håndverkstun og vore i Vågå og sett på langhustufter frå folkevandringstida. Det er håp om at ein skal koma i gong med å arbeide med meir konkrete prosjekt etterkvart.

På tampen av året er det sett i gong eit nytt prosjekt om bureisinga i Heidal. Det har vore jobba i lang tid med å få dette til og nå ser det ut til å løyse seg. Det er ei prosjekt-gruppe på 6 personer som arbeider med denne saka.

Ellers er vi så heldige at eit av medlemma våre, Arne Jan Randen, eks. Sjoa, nå Lørenskog, har laga heimeside til historielaget. Her har han lagt ned mykje arbeid, noko som vi er svært takksame for. Han har og sagt seg viljug til å drifte heimesida framover. Dette er noko vi ventar oss mykje av, ikkje minst med omsyn til kommunikasjonen innan laget. Adressa til heimesida er: www.heidal-historielag.org/

Medlemstalet i laget er nå på 28 personer. Det er mange forskjellige emner å gripa fatt i, og vi håper at bygdefolket og andre vil støtte opp om historielaget og ta del i arbeidet her på ein eller annan måte.

Heidal, 02. februar 2008

Styret i Heidal Historielag

oakley sunglasses outlet louis vuitton outlet michael kors outlet coach factory outlet louis vuitton outlet kate spade outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet nike kd vii coach factory outlet louis vuitton outlet beats by dre outlet louis vuitton outlet beats by dre cheap sport blue 3s history of jordan 6s louis vuitton outlet beats by dre cheap jordan 6 sport blue jordan 3 sport blue louis vuitton outlet cheap air jordans beats by dre cheap lebron 12 jordan 11 concord louis vuitton outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet cheap jordan shoes louis vuitton outlet legend blue 11s beats by dre outlet michael kors outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet history of jordan 6s jordan 3 sport blue