Hans Slettmo, stor-spellmeinn
1825-1894

Slettmoin vart han kalla i bygden. Etter at han vart gift, budde ’n på Runningje i Skogbygden og brukte også Runningen som etternamn. Hans var fødd i Gammel-Brennun i Skogbygden i 1825. Foreldra hans var Ole Enersen Fjerdingrenseie og Ymbjørg Hansdotter Djupdalen. Mor hans døydde tidleg, og far hans gifta seg seinare uppatt.

Dårleg stell
Det er skildra slik at denne morlause guten fekk koma åt ei gamal kjerring på Måsåbakka, men at han der fekk så dårleg stell at det heldt på og vart dauden av det.
Eit par folk, Tor Skule og kona Olave, budde i ei stugu nedafor nordre Klashaugen og truleg seinare på Slettmo. Tor Skule er i boken ”Vågåpresten” av Ole Arvesen umtala som ”Tor burtpå Abo”. Det var truleg skyldskap mellom ’om Tor og eitt tå foreldrom hass Hans. Han Tor og ho Olave tok seg nå av guten.

Kjerringråd
Ho Olave kunne nok mangt um sjukdomar. Magen til guten hadde svulma upp, og det såg riktig ille ut. Ho Olave kokte lut og blanda i maten og fekk på den måten magen til å draga seg ihop att.
Ein finn ikkje noko um kor ’n Hans uppheldt seg seinare i uppveksten og i ungdomsårom, men det er fortalt at han kjende seg bunden åt far sine og syskenom sine som truleg budde på Slettmo. Eingong var han nordigjennom Skogbygda heilt åt Steinekveen. Han kleiv da upp i eit tre, slik at han såg burt på Slettmo. Det er noko dunkelt over dette, men det er nok ikkje meire å få greie på nå -

Skreddar og spellmeinn
’n Hans lærde seg skreddaryrket. Musikkinteressert som han var, plukka ’n sikkert upp mange leikje når ’n for rundt i bygden som skreddar. Stemor hans var ho Ymbjørg Måsåbakka. Ho var framifrå til å låte på langleik og kunne nok mange slåttar som ’n Hans fekk lære. Det var elles ho og ’n Eilev, bror hennar, som høyrde Bessleiken vart spela på Finntoppsletten ved Svarthaugsetra.
Hans var og ein tur sørover dalen og uppsøkte ein spelmann i Ringebu, på Slovarp, og tå honom lærde han ”17 og 20 leikje”, fortalde ’n Hans seinare.

Trefte 'n Karl Fant og 'n Fel-jakup
Elles trefte han ’n Karl Fant og lærde leikje tå honom.
På ein martnad i Hesthågå i Lom møtte han ’n Fel-Jakup fyrste gongen. Dei spelte ihop, og det er fortald at det var samla svært mykje folk. Det var dansa i tvo stugu i Hesthågå. Fel-Jakup let i eine stugun og Hans i den andre, men det skulle bli Hans som vart gjevaste spelmannen. Det var der han spela at det vart mest folk! På denne turen fekk han tak i godfela som sidan fylgde han gjennom heile livet.

Bytte bort fela ...
Det er fortalt at det var ein som ville byte fele med honom, for han tykte det var så pent mål i felun hass Hans. Ja, Hans sa seg viljug til å byte, og han fekk visst endatil noko i mellom. Sanninga var nok at ’n Hans fekk godt mål i mest kva for ei fele han spelte på.
’n Hans og ’n Fel-Jakup drog godt ihop og spelte saman fleire gonger. Ein gong kom ’n Fel-Jakup åt Heidalé, Og da er det fortalt at dei let ihop i 14 dågå. Dei gjekk fra seterstul til seterstul og spelte åt budeiom og livde godt. Elles for Hans rundt på skreddararbeid og spelmannsferder heilt nordover til Lesja og nedover Romsdalen.

Gjest'bo i Heidalé
Ein gong let ’n Fel-Jakup og ’n Hans i eit gjestebod i midtre Heidale, og der
var det både matlag og musikk som det gjekk ord um lenge. Det var ho Eli Hågå som kokka i laget, og ho skulle ha sagt at ”slik musikk hadde ho aldri drøymd
um å få høyre”. Det er fortalt at ’n Fel-Jakup vart spurt eingong kven han sette høgst tå spelmeinnom han hadde møtt, og da nemnde ’n Slettmoin.

Vineshaugjin
Hans Vineshaugen var ein samtidig spelmannsbror, og Vineshaugjin spelte ein gong i ein ball i Larslykkjun. Da det lei på kveld’n, greip Slettmoin fela hass og begynte å låte. Da ’n ha låte ut leiken, sa’n: ”Du lyt jammen ha go’ fele, du!” ”Å, de’ va’ visst bæ’re spelmeinn heill fele, nå !” sa Vineshaugjin. ”Eg har nå ikkje visst anna heill eg kunne bruke fela eg heill, men nå veit eg at deg, Hans, røkk eg eilder!”

Fleire born
Hans Slettmo vart gift med Gunnhild Olsdatter Runningen. Dei fekk fleire born, men berre tvo vart att i bygden. Det var Tor som fortsette på Runningje og var far til den gode spelmannen Ola Runningen, og det var Rønnaug som og vart buande i Heidalé. ’n Hans hadde truleg fleire halvsysken. Ein veit um ein som heitte Einar, og som seinare budde på søre Randa i Ner-Heidalé. (Det er seinare fastslege at Einar var heil-bror åt Slettmoin.)

Siste spellmeinnsturen
Siste gongen ’n Hans var på speling, let han på eit ball burtpå Slettmo. På heimveigje vart han sjuk og vart liggjande. Tvo gutunge fann han og fekk frakta han åt Gunnhildstugun. Dei fekk sendt bod heim åt Runningje, og dotter hans, eller var det kjerringa, fekk lånt ein hest og kjøyrde han heim i ei jordkjerre.

Lite hjelp å få
Det var nok ein skranglete skyss etter låk veig. Det er fortalt at dei bad um å få låne ei pute til å leggje under hugu hans, men det vart nekta. Like før dei kom fram, gjekk eine kjerrehjulet uppå ein stein så det vart ein lei støyt. ”Au, nå rauk nok halsbeinet!”, er det fortalt at ’n Hans sa. Hans Slettmo dø’ nok før han kom heimatt åt Runningje den dagen.

Omsorg for fela
Det er sagt at han hadde umsorg for fela si og bad dei ta vel vare på ho. Fela kom seinare åt øvre Aaseng, og frå der fekk Trygve Heringstad tak i ho, så nå er ho på Heringstad.
Noko bilete av Hans finst visst ikkje, men han er skildra som heller liten av vekst. Han gjekk støtt i spælvest og raudhuve og var svært lett på foten.
Hans Slettmo døydde i 1894, 69 år gamal, men grava hans på kyrkjegarden er nok longe gløymt.
Det er sagt um ’n Hans at han var svært nøye på at leikjin vart spela rett, og at han truleg er den finaste spelmannen som Heidal har fostra.


louis vuitton outlet jordan 3 sport blue cheap jordan shoes louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 6 history of jordan beats by dre outlet cheap jordans jordan 3 sport blue coach factory louis vuitton outlet foamposites black suede jordans for sale coach outlet online sport blue 3s jordan 6 sport blue jordan 6 sport blue jordan 6 sport blue cheap jordans jordan 3 sport blue jordan 6 history of jordan lululemon outlet foamposites cheap air jordans sport blue 6s louis vuitton outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet sport blue 3s sport blue 6s cheap air jordans louis vuitton outlet louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet jordan retro 11 louis vuitton outlet jordan 3 sport blue michael kors outlet coach outlet online