"Frå øfst i Heidalè

-
Det er ikkje så ofte ein ser bilete frå øfst i Heidalè, så nå teinkte eg det var på tide, skriv Hanne Rindseter Bakken.
Vi seier oss enige - og takkar. Artige bilete frå ei heilt anna tid. Spør om åra renn fort unna...

Dette ser ut som ein 17. mai. Driv dei og gjer seg klar til 17. mai-tog tru?
Eg er usikker på kven alle er og kunne godt tenkje meg å høyre om det er nokon som kjenner nokon her.
Det er nok Kristen Rindseter som står fremst med flagg, så trur eg det er oldemor Anna Rindseter som ber på ein gut. Det er foresli at det er Else Rindseter som går bakover med langt myrkt hår og Olaf Hjellet med sjåførhuva heilt bakerst. Anne Stormyr heilt til venstre med kvitt skaut, og dei to jentene er Hanna og Åse Stormyr. Nokon som veit kven den lange dama er, og ho i rondastakk, og jenta med strikka jakke?
Laura Galstad melder at ho trur den høge dama kan vera Kristine Joten (f. Jeilen), og Hanne trur dette kan stemme fordi andre òg har meldt det same.
x
Her er det påskestemning!!
Dette er Liv Mari Rindseter, Ole Rindseter, Anne Kari Rindseter og Kirsti Kvehaugen på skitur til Slombsetra. Dei brukte å gå dit på ski, har dei fortalt. Det ser riktig triveleg ut!
Her er det 17.mai feiring. Eg har egentleg aldrig likt dette bildet fordi desse småe, fine gutane står med sigarett i handa. Men da eg fekk høyre at det berre er lakris-sigarettar dei har fått, vart bildet plutseleg heilt anderledes. Her er f.v. Kristen Rindseter, Kjell Arve Bråtesveen, Anne Kari Rindseter,
Liv-Mari Rindseter, Ole Rindseter og Odd Jarle Bråtesveen.

Til venstre: Dette bildet av Marit Rindseter og Jørgen Lyen synes eg er kjempefint. Det er akkurat slik eg hugsar Jørgen, enda bildet er tatt 20 år før eg var født. Slik var han, med kikkerten over skuldra og hend i sida og huve på hugu, ty'sko om såmårn og beksømsko om vintern. Ska tru kva dei pratar om.... kanskje han fortel om storbukken han har fått ferten av burti Refjellet, eller elg som han held rede på. Han var jeger og fjellmann og livde livet sitt slik. Han var i mange år med som fjelloppsynsmann i Lesja.
.
Helsing Hanne Rindseter Bakken                
louis vuitton outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet cheap air jordan shoes history of jordan 6s nike kd 7 louis vuitton outlet kate spade outlet coach outlet online cheap jordans louis vuitton outlet louis vuitton outlet Retro Jordans For Sale kate spade outlet foamposites for sale kate spade outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet michael kors outlet kate spade outlet lebron 12 Kate Spade Diaper Bag coach outlet online beats by dre cheap lebron 12 louis vuitton outlet sport blue 6s concord 11s louis vuitton uk Kate Spade Diaper Bag jordan 11 concord sport blue 3s michael kors outlet lebron 11 sport blue 3s louis vuitton outlet jordan 6 sport blue michael kors outlet louis vuitton outlet jordan 3 sport blue