Heidal Historielag

vart skipa i 2005 og har nå godt over 100 medlemmar, men vi vil gjerne ha med mange fleire!

 

Du kan enkelt melde deg inn ved å betale medlemskontingenten på 100 kr til kontonummer 2095.49.12141 eller direkte til kasseraren.

 

Det  følgjer ingen plikter med å vera medlem, men dersom du ynskjer det, kan du t.d.:

·        bli med i arkeologigruppa (har alltid spennande ting på gang)

·        vera med på lokalhistoriske og andre turar (vi har eiga turnemnd)

·        koma med idéar og/eller skrive til årboka vår ”I Heidalé” som kjem ut kvar haust og er svært populær

·        delta på og gjerne koma med idéar til temakveldar

·        gje deg med i slektgranskingsgruppa

·        levere stoff og/eller foto til heimesida vår på internett, heidal-historielag.org

·        koma med forslag til nye ting som laget kan drive med

 

         Velkomen som medlem i historielaget!

 

Det er fint om du som alt er medlem, men ikkje har betalt kontingenten for 2016, ordnar dette med det fyrste, så slepp vi å sende deg påminning om det seinere.