KVELDSTUR TIL RANDSVERKOMRÅDET


29. august var arkeologigruppa på kveldstur i Randsverkområdet. Ivar Vassdokken var kjentmann og det fyrste me såg på er ein stein ved Nybrua over Sjoa der det er hogge inn ei slags teikning.

Nærbilete av rissinga. Nokon har fornya hogginga med ein spikar ellar liknande.

Kva rissingen skal førestella eller kog gamal den er ikkja avklart. Det har vore arkeologar å sett på steinen men dei kan hellar ikkje gje noko forklåring på kva det er.
Turen gjekk så viare nærare Randsverk der me såg på rester av ei bu i skogen som Ivar hadde funne. Det var tydeleg restar av ein firkanta «grunnmur» med ein mura eldplass som eit tilbygg til muren.

 Eldplassen?

Overbygget har antakeleg vore av tre. Like ved blei det funne ein tilsvarande mur. Ingen hadde noko sikkert forslag til kva buene har vore brukt til eller kor gamle dei er.
Til slutt såg oss på ein jernframstillingsplass nord for NWR sitt anlegg som Jostein hadde kjenskap til. Det var minst 2 kolgropar samt slagg over eit større område.
Det var ein triveleg tur i godt sommarver.

Den eine tufta.