Protokoll frå årsmøtet 2015

Årsmøte vart avholdt på Heidal skule den 18. februar 2016 kl. 18.00.

1. Leiaren av historielaget, Arne Andor Randen, ynskte vel møtt til dei  21 frammøtte.

2. Leiaren vart vald til møteleiar.

     Ingrid Granrud og Knut Klashaugen vart vald til å underskrive årsmøteprotokollen.

3. Kunngjering om årsmøtet, innkalling og sakliste vart godkjent.

4. Kasseraren Gustav Ekre gjekk gjennom reknskapen. Årsresultatet er på over kr. 60.000,-

    Reknskapen vart godkjent.  

5. Leiaren las opp årsmeldinga for 2015. Denne vart godkjent med ei lita endring.

6. Fastsetting av uendra medlemkontigent , kr. 100,-, fekk tilsluttning av årsmøtet.

7. Det var ingen innkomne forslag.

8. Ola K. Randen la fram valkomiteen sitt forslag til val:

    Leiar: Attval på Arne Andor Randen for 1 år, godkjent.

    Styremedlem: Attval på Gustav Ekre for 2 år, godkjent

    Styremedlem: Rita Randen for 2 år som erstatning for Kari Mosebakken, godkjent.

   Styremedlem: Attval på Svein Sæther for 2 år, godkjent.

1.varamann: Knut Klashaugen for 1 år, godkjent

2.varamann: Per Prestgard for 1 år, godkjent

3.varamann:Attval på  Martha Rindhølen for 1 år, godkjent

Valkomitemedlem: Attval på  Ola K. Randen for 3 år, godkjent

Revisor: Attval på Øyvind Holen for 1 år, godkjent.

Alle val var einstemmige.

9. Planer for 2016:

Leiaren la fram tankar om kva styret vil ha mest fokus på  i komande periode:

-Skuleprosjekt 2016 (arbeid med gamle bilete)

-Tur/vandrekomite. Ny av året. Arrangere turer til ymse stadar i bygda

-Økonomisk støtte til Rindvang og Øytun grendahus

-Årbok for 2016

-Kristian Prestgard-jubileet

-Ope helg. Vandring, quiz, stand

-Arkeologigruppa

-Slektforskergruppa

-Ymse temakvelder

-Heimesida

-Heidalsmålet, oppdatering av tidlegare utgåve

-Gards- og slektshistoria, samle og publisere manglar/rettinger

Gustav Ekre tok så opp Kristian Prestgard jubileet og drog fram soga hans i korte trekk. Nå i år er det 150 år sidan han vart fødd. Historielaget har planer om å heidre minnet hans med ei stor markering nå i mai. Det blir truleg seminar, utstilling og temakveld (kulturkveld) om Kr. Prestgard. Han er nok ikkje gløymt av sambygdingane sine, men han er nok hellar ukjent for den yngre garde. Me vonar at dette kan føre til at han blir meir kjent og lest av heidølane og andre.

Under kaffipausa underheldt Ola Hage med løylege historier frå tida hans i Heidal og Kvikne. Det var flest historier frå skula og frå revylivet. Tusen takk for gode gapskratter!

 

Ingrid Granrud                                                 Knut Klashaugen

      sign                                                                         sign            

 

 

Heidal Historielag, årsmelding for 2015

Styret i laget for 2015 har vore: Arne Andor Randen, leiar, Åse Unni Skogum, nestleiar, Gustav Ekre, kasserar, Sverre Svindland, sekretær, Kari Mosebakken, styremedlem, og Svein Sæther, styremedlem.

Vararepresentantar til styret: Per Prestgard (har møtt fast i styret), Knut Klashaugen og Martha Rindhølen.

Valkomite: Einar Holen, Allan Hagen og Ola K. Randen.

Revisor: Øyvind Holen

Ansvarleg for heimesida www.heidal-historielag.org Arne Ekre 

I tillegg til årsmøtet har det vore 7  styremøter i 2015. Referat frå alle møta finn ein på heimesida.

I 2015 har laget hatt 123 medlemmer.

Heidal Historielag er medlem av Landslaget for lokalhistorie og Gudbrandsdal historielag.

Årsmøtet for Gudbrandsdal historielag vart halde på Bjølstad i mars og fire av styrerepresentantane deltok på eit interessant årsmøte med omvisning på garden ved Stein Tofte.

Aktivitetar i laget:

Førre årsmøte vart halde på Heidal skule den 17. februar 2015 med 25 frammøtte. Forutan dei vanlege årsmøtesakene heldt Ivar Teigum eit intreressant foredrag om «Bygda, soknet, kommunen og kommunalt samarbeid» med vekt på Heidal.

Årboka, I Heidale,  kom ut med 6. utgåve  før jul i eit opplag på 600. Denne er bygd over den samme lesten som dei forrige. Det var bokslepp i november med godt frammøte. Med i årbokkomiteen er Per Prestgard, Anna Brobakken, Ola K. Randen, Helga Holen, Gustav Ekre og Magne Teigen.

Ope helg. Historielaget arrangerte tur til Grothe frå Nørdre Kleiven. Turen gjekk etter den gamle mura hestevegen laga av gråsteinsmurar «Hans Olsen frå Norge». Under turen blei det fortald om gamle nedlagte plassar på båe sider av elva. Ellers hadde historielaget stand ved håndverkstunet laurdag med boksal og quiz med spørsmål frå Heidal.

Amerikavitjing. I juli kom besøk frå Amerika av etterkommarane av Ole Johannesen Moe og Mari Jacobdatter Aaseng. I forkant var det mykje arbeid med slektsgransking, anetavler og informasjon om menneska og livet til Ole og Mari i Heidal. Per Prestgard og og Åse Skogum var guider under besøket og Jan Johansen var guide i kyrkja og kapellet.

Skuleprosjektet. Historielaget har hatt samarbeid med mellomsteget på skula om eit skriveprosjekt der elevane kunne velje mellom ymse oppgåver. Dette vart svært vellukka og historielaget fekk alle tekstene frå elevane. Dei tri klassane vart premiert for innsatsen.  Noko tilsvarande kan godt gjennomførast seinare.

Slektsforskargruppa. Denne vart oppretta for vel eit år sidan. Nybyrjarkurs i slektsforskning vart gjennomført i fyrste halvdel av 2015. 12 personer deltok på kurset der Jacob Skjedsvoll var kursleiar. Dei møtte på skula ein gong i veka. Sidan har dei jobba på eigahand.

I denne gruppa er det møte ein gong i  månaden på skula for utveksling, hjelp og framdrift i slektsforskninga. Nokre av oss har også teke del på møter i Nord-Gudbrandsdal Slektsforskarforening. Dei har møter siste onsdag i månaden på biblioteket på Otta eller på Norddalsarkivet i Vågå. Primus motor for denne gruppa er Åse Skogum.                                                                                                         

Arkeologigruppa. Gruppa har gjennomført ein del turer.

Kveldstur til Puttroa der ein såg på nedlagte plassar på baksida mellom riksanlegget og Storødegardsbrua.

Heildagstur til området ved Sandåa i Skåbu sør for Søre Mugsetra. Her var det mykje å sjå på. Kolgroper, jernframstillingsplassar, dyregrav,  gamle tufter, dam i Sandåa (til oppgangssag?) og mykje anna. Var ein triveleg og sosial tur i det fine veret.

Dagstur til Sørhaugen sønnafor Søre Veslmuvatnet og Muvatnet. Her såg ein au på kolgroper, dyregraver og jernframstillingsplasser.

I tillegg har ein jobba vidare med evaluering av moglege kulturminner som er funne på kartet etter skanninga i 2013. Ellers har kvar einskild i gruppa jobba med funn og registrering av ymse kulturminner.

Gåve til historielaget. I samband med årsmøtet i Gudbrandsdal historielag fekk Heidal Historielag restopplaget av Gards- og slektshistorie for Heidal i 2 band frå etterkomarane til forfattaren Arnfinn Engen. Dette sette laget stor pris på. Nå prøver me å samle informasjon om feil/manglar i bokverket slik at me på sikt kan publisere dette.

Per Rusten skåpet. Skåpet som historielaget fekk av Ragnhild og Sverre Glad i 2010 har nå fått ei fin plassering i Veslstugu ved håndverketunet/ysteriet. Skåpet er over 100 år og det er Heidal kommune som har eigd skåpet.

Heimesida/Facebook. Ein slit litt med å få inn stoff til heimesida. Det hadde vore ein fordel om medlemmer og andre kunne bidra med dette. Ellers har historielaget fått eige facebook side. Denne er det Åse Skogum som tek seg av.

Støtte til grendahusa. Historielaget har sagt seg viljuge til å støtta grendahusa, Øytun og Rindvang, med ein sum til vedlikehald av husa. Etter vedtektsendring på årsmøtet den 6. mars 2013 har historielaget høve til å yte tilskott/støtte til tiltak og aktiviteter som er posetive for bygda.

Gudbrandsdalsseminaret. Leiaren var representert på dette seminaret i 2015.

 

 Oversyn over eigedelar og lagringsstad per 31.12.15

·         Skåp på handverkstunet. Per Rusten skåpet.

·         Saker etter Jo Gjende i safen i Kyrkjestugu

·         Cannon HD videoopptakar med stativ hos Sverre Nybø

·         Casio reknemaskin hos kasseraren

·         Brother kopimaskin hos kasseraren

·         Stol gjeve av etterkommerne av Hans Vineshaugen. Håndverkstunet.

·         Harddisk med gamle bilete hos Per Prestgard og Arne Andor Randen

·         Bøker og kassettar hos Gustav Ekre:

§  Bureising i Heidal                                       49

§  Frå Heidal til Decorah                                67

§  I Heidalé 2011                                            14 (+25 feilvare)

§  I Heidalé 2012                                         197 (+ 4 på Libris)

§  I Heidalé 2013                                           89 (+ 4 på Libris)

§  I Heidalé 2014                                         163 (+ 4 på Libris)

§  I Heidalé 2015                                         133 (+65 på salsstadane)

§  Gard- og slektshistorie, band 1   213     

§  Gard- og slektshistorie, band 2   222

§  J. Espelund: Slette                                   168

§  J. Espelund: Klones                                  124

§  4  pappaskar med lydkassettar etter Jørgen Espelund – merkt med blindeskrift

§  1 pappask med gardshistorie frå Nerdalen hos Arne Andor Randen