Til stades: Arne Andor Randen, Gustav Ekre, Åse Skogum, Martha Rindhølen, Kari Mosebakken, Per Prestgard. Svein Sæther hadde meldt fråfall.
Gustav gjorde greie for dei største postane i rekneskapen som ennå ikkje var revidert.
Overskot ca kr. 37 000. Rekneskapen godjent for revisjon og framlegging i årsmøtet.
Utkast til tekst i årsmeldinga vart lese opp og godkjent som styret si melding til årsmøtet.
Styret føler eit behov for fleire representantar i styret og det vart vedtatt å fremje framlegg om å auke tal styremedlemmar frå 5 til 6 for årsmøtet som vedtektsendring.
I tillegg til årsmøtesakene vil Ivar Teigum halde eit kåseri om Bygda, soknet og kommunen og samarbeid.
Gustav og Per høyrer etter i marknaden og kjem tilbake til styret med framlegg til prosedyre evt. kontrakt.
Arne orienterte om kva Gh ventar av Hh i samband med komande årsmøte på Bjølstad.
Åse orienterte om pågåande kurs som hadde 12 deltakarar.
Per orienterte om igangsettinga av arbeidet og val av tema for potensielle forfattarar som ein har eller vil ta kontakt med.
Styret foreslår for årsmøtet at kontingenten blir kr. 100 for 2015 og at det skal vera høve til medlemsteikning på årsmøtet.