Heidal historielag - Referat frå styremøte 19. januar 2017 i Kyrkjestugun.
Tilstades: Arne Randen, Åse Skogum, Svein Sæter, Rita Randen, Gustav Ekre og Per Prestgard. Sverre Svindland hadde meldt forfall.
Oppretting av feil i bøkene Gards- og slektshistorie for Heidal.
Rita orienterte om møte med Steinar Løsnesløkken og eventuell medverknad av Stein Hjellet i arbeidet med å ta vare på feilmeldingar.
Framtidig møtelokale.
Leiaren orienterte om møte med formannen for Håndverkstunet.
Styret er ikkje avvisande til eit mogleg tilbod om møtelokale og samarbeid med Håndverkstunet. Planene må vise at «det er liv laga» dersom historielaget skal engasjere seg. Konklusjon: Avventer tilbod.
Revidering og supplering av boka Heidalsmålet.
Gustav foreslær fotografering av tidlegare utgåve og vil drøfte ein slik produksjon med ottaBok. Planer for dette arbeidet vil bli orientert om på komande årsmøte.
Lagring av historisk materiale.
Norddalsarkivet kan ta imot elektronisk materiale som er laga av Sverre Nybø og lagra av han i ei kasse. Det bør overførast til sams system og kopierast. Per held fram dialogen med Norddalsarkivet og Sverre Nybø og vil finna ut kva det vil koste.
Førebuing til årsmøte 16. februar kl. 18.00 på Heidal skule.
-Arne ordnar med lokale og servering.
-Per tek seg av kjentgjering.
-Intervju med Ludvig Stornes bør ha ein introduksjon og Per tek dette opp med Vorkinnslien.
-Orientering om planer for året:
-Deltaking i Ope Helg.
-Scanning av gamle bilder
-Årbok for 2017
-Tematurer |