Referat frå styremøte, juni 2015

Tysdag den 16. juni  2015 kl. 1800 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i Kyrkjestugu.
Tilstades: Arne Andor Randen, Kari Mosebakken, Svein Sæther, Sverre Svindland og Per Prestgard. Åse Skogum og Gustav Ekre var ikkje tilstades.


Sak 1. Tilskott til kulturformål
Det vart søkt om kommunalt tilskott til det arbeidet laget gjer. Det har kome attendemelding om at laget får kr. 5.000,- i tilskott for i år. Dette er me takksame for.


Sak 2. Kulturkalendaren.
Det skal gjevast ut ein ny kulturkalendar til hausten for tidsromet frå 1/9 til 31/12. Frist for innspel er 1. august. Boksleppet av årboka for 2015 vil ein prøve å få med her.  Tidspunktet blei fastsett til torsdag den 12. november 2015 kl. 19.00 på skula. Arne ordner med dette.


Sak 3. Flytting av skåp til handverkstunet.
Skåpet har nå kome på plass i Veslstugu ved Ysteriet/Handverkstunet.  Skåpet treng litt vedlikehold, spesielt må ein få dør/skuffelåsa til å fungere. Ein lyt og sjå gjennom dei papira som var med skåpet som nå ligg i Heidalshallen. Per og Sverre tek seg av dette.


Sak 4. Skuleprosjektet.
Arne gjorde greie for dette. Historielaget har nå fått samtlege 53 elevoppgåver og desse vil bli teke godt vare på. Det kan vera på tale å bruke ei av oppgåvene i årboka. Dette prosjektet var så vellukka at det med fordel kan gjennomførast tilsvarande seinare år. Arne tek seg av dette.


Sak 5. Amerikabesøket 7. juli.
Det er utarbeid forslag til program for dagen. Per reknar med at programmet vil bli gjennomført på om lag 4 timar. Gruppa som kjem er på omtrent 15 personar. Det heile startar med omvisning på Bjølstadkyrkja. Magne Teigen eller Sverre blir med for å ta bilete og skrive litt om dette på heimesida.


Sak 6. Årbok 2015
Årbokkomiteen har nå fått inn tilbod på trykking. Kostnadane med dette blir venteleg om lag kr. 53.000 for trykking av 600 eksemplar tilsvarande dei forrige utgåvene. Dette tilbodet er framsett av mellommann utan garanti. Opplegget blei godkjent av styret.


Sak 7. Ope helg.
Kveldsvandringa under ope helg skal gå føre seg 13. august. Svein prater med kjentmennane for turen og sett seg inn i historia til dei ymse plassane  som turen går innom. Husflidslaget er i gong med å låne inn gamle barneklede  som kan vera med på ei utstilling på Handverkstunet. Historielaget vil prøve å få tak i gamle leiko som kan vera med i utstillinga. Laget kan stille med hjelp til utstillinga.  Kari kan hjelpe til med dette. Åse er reserve. Ellers dropper laget ideen om demonstrasjon av gamle leikje for denne gong. I stedet vil historielaget stille med eige stand der det kan bli høve til å kjøpe historielaget sine bøker og ellers kan publikum kome med ideer og andre innspel. Per er bindelekken til komiteen for ope helg.


8. Kassettar etter Jørgen Espelund.
Gustav og Sverre har vore ein tur på fylkesarkivet og fått hjelp med tolkinga av blindeskrifta på kassettane. Det er tilsaman fleire hundre eksemplar. Me kom gjennom vel halvdelen og det ser ut som det er mykje opptak etter radioen. Ein tek sikte på ein ny tur til Lillehammer om ikkje altfor lenge. Tilslutt lyt ein vel høyre gjennom ein god del av kassettane for å finne dei mest interessante.


9. Salg bøker.
Det var meininga å legge ut for sal på heimesida alle bøkene som historielaget har. Det er Gustav som skal ta seg av dette og kor langt han er komen med dette får me høyre om neste gong.


10. Eventuelt
Per prata om at årbokkommiteen manglar datakunnskap, dette er ein stor hemsko i arbeidet. Kunne det vore ein ide å samarbeid med eit par «datafrikar» frå skule? Dette er noko som må finna si løysing med det fyrste.
Per tek kontakt med Sverre Nybø om arbeidet i intervjugruppa og om stoa til utstyret og arkivet til gruppa.


Ein tek sikte på nytt styremøte 4. august kl.. 18.00.
Møtet slutt kl. 2030
Ref. Sverre