Heidal historielag viser fram bøker, blad, kort, bilete og brev etter Kristian Prestgard i ein glasmonter i biblioteket på Heidal skule. Bøkene er forfatta av Prestgard (1866-1946). Dei er på norsk, unnateke boka «Fjords and Faces» som er på engelsk og er i innhald lik første bandet av «En sommer i Norge», som vart skreve av Prestgard etter besøket hans i Norge i 1927. Ei novellesamling ,» Streiftog. Stemninger og skildringer», inneheld m.a. fortellinga «Det første Amerikabrevet» som vart dramatisert og vist som friluftsteater i regi av historielaget i 2013/14. «Norske kvad» er ei samling av norsk lyrisk dikting i tidsperioda 1814-1905 og har også portrett og biografiar av diktarane. Boka har 750 sider og har gotiske bokstavar.
Breva og korta er frå Kristian til vener og slektningar. Han brevveksla med venen Ivar Kleiven i nesten 49 år. I utstillinga er også eksemplar av avisa Decorah - Posten som Prestgard var redaktør, og seinare sjefsredaktør for. Litteraturtidsskriftet Symra, som var for norske skribentar på båe sider av havet, er også vist fram. Sjølbiografien «Veien eg gikk. Frå Heidal til Decorah» vart forfatta av Kristian heilt på slutten av livet hans. Teksta vart diktert frå sjukesenga til dottera Gunvor som skreiv det ned på maskin.
Bilda viser glimt frå det livet Kristian levde - hans travle yrkesliv og hans privatliv som var mykje prega av sjukdom i familien. Eitt bilde viser Kristian ute i blomsteråkeren der han kryssa ymse sortar av gladiolar og som han vann mange gjeve premiar for i USA.
Kristian Prestgard var ein høgt verdsett og respektert mann i Norge og i Amerika. I 1925 vart han tildelt «Ridder av 1. klasse av St. Olavs orden» og i 1939 fekk han «Kommandør av St. Olavs orden». To utmerkingar det er svært få forunt å bli tildelt og som speglar hans liv og innsats for nordmenn i Amerika og for kontakten mellom dei to landa. Han vart og utnemd som heidersdoktor ved Luther Collage i Minnesota. |