Heidal Historielag, årsmelding for 2016


Styret i laget for 2016 har vore: Arne Andor Randen, leiar, Åse Unni Skogum, nestleiar, Gustav Ekre, kasserar, Sverre Svindland, sekretær, Svein Sæther, styremedlem og Rita Randen, styremedlem.


Vararepresentantar til styret: Knut Ivar Klashaugen (har møtt fast i styret), Per Prestgard og Martha Rindhølen.


Valkomite: Einar Holen, Allan Hagen og Ola K. Randen.


Revisor: Øyvind Holen


Ansvarleg for heimesida www.heidal-historielag.org Arne Ekre 

 
I tillegg til årsmøtet har det vore 7  styremøter i 2016. Referat frå alle møta finn ein på heimesida.
I 2016 har laget hatt 118 medlemmer, ein liten nedgang sidan forrige år.


Heidal Historielag er medlem av Landslaget for lokalhistorie og Gudbrandsdal historielag.
Årsmøtet for Gudbrandsdal historielag vart halde på Ringebu i mars og Svein Sæther og Sverre Svindland deltok.


 Aktivitetar i laget:
Førre årsmøte vart halde på Heidal skule den 18. februar 2016 med 21 frammøtte. Forutan dei vanlege årsmøtesakene underheldt Ola Hage med løylege historier frå Kvikne og Heidal.
Årboka, I Heidale,  kom ut med 7. utgåve  før jul i eit opplag på 630. Denne er bygd over den samme lesten som dei forrige men sidetalet er utvida til 160.  Det var bokslepp i november med godt frammøte. Med i årbokkomiteen er Gustav Ekre, leiar, Per Prestgard, Anna Brobakken, Ola K. Randen, Helga Holen og Magne Teigen.
Kristian Prestgard jubileet. I mai blei det gjennomført ein minnerik dag i høve at det var 150 år sidan han vart fødd. Det blei avvikla eit eige seminar om Kr. Prestgard og om kvelden vart det kulturkveld om same emne. Det var ein fyldig artikkel om Kristian Prestgard i årboka for 2016.
Rapport frå Slektsforskargruppa:  Oss har vore samla 4-5 ganger i år. Fokuset har vore på retting av gards-og slektshistoriebøkene.
Oss har kome godt i gang med korleis oss skal leggje opp detta, og skriving og kontroll av innkomne rettingar.
Steinar Løsnesløkken har fått tak i cdane av oppsettet til bøkene fra trykkeriet.
Må ha ein egen pc og håpa at Stein Hjellet tek på seg å hjelpe oss med det datatekniske, slik at vi kommer i gang.
Det er stadig henvendelser om slekt i Heidal og også i år vart det besøk fra USA.
Ser ut til at interessa for familiehistoria tek om seg.
Det blir noe arbeid med dette, men triveleg og artigt å hjelpe.  Primus motor for gruppa er Åse Skogum.

Rapport frå Arkeologigruppa: Gruppa har gjennomført tre turer.
Tur til Randsverkområdet med Ivar Vassdokken som kjentmann. Her såg oss på ein del interessante kulturminner.
Det har vore tur til Sagåa saman med arkeologer frå fylkeskommunen der det blei sett på eit gamalt gravanlegg som ikkje blei funne på turen i fjor.
Kveldstur til Kvennbrua saman med Dag Sletten for å leite etter ei dyregrav han hadde sett på ein jakttur i skodda. Denne fann me ikkje men det blei ein triveleg tur likevel.
I tillegg har ein jobba vidare med evaluering av moglege kulturminner som er funne på kartet etter skanninga i 2013. Ellers har kvar einskild i gruppa jobba med funn og registrering av ymse kulturminner.
Turgruppa. Denne er ny for året og gruppa har arrangert to turar. I samband med ope helg var det tur til Espesetra med heile 17 deltakarar. På Bekkemellomsetra hadde Asta Bekkemellom ordna til framifrå traktering. Etterpå vart det omvisning med Jostein Espelund som guide av jernutvinningsplasser innafor Espesetra.   Seinare vart det gjennomført tur til Ranglarkampen med avstikkar til klebersteinsbrotet ved Lillesæter. Leiar i denne gruppa er Ingrid Granrud.
Ope helg: I tillegg til turen hadde historielaget stand ved Håndverkstunet laurdag med sal av bøker og quiz om lokale ting.
Gåve til historielaget. Eigedomsretten til treskiltet om blankenborggutane som møtte trollet på Heidalsskogen er nå overført frå Heidalsturist til Heidal Historielag. Heidalsturist er nå formeldt avslutta. Skiltet heng på nordveggen på Håndverkstunet.
Heimesida/Facebook. Me har endå ikkje funne nokon ny kandidat til å ta på seg ansvaret med heiesida. Det er framleis Arne Ekre som har ansvaret for denne. Åse Skogum har ansvaret for facebooksida.
Støtte til grendahusa. Historielaget har nå utbetalt kr. 25.000,- i støtte til kvar av dei to grendahusa Øytun og Rindvang.
Heidal skule. Som takk for godt samarbeid med skula har historielaget gjeve fem eksemplar av kvart band av Gards-  og slektshistorie for Heidal til bruk i skula. Historielaget har starta eit prosjekt med mellomsteget på skula om innsamling og digitalisering av gamle bilete.
 Oversyn over eigedelar og lagringsstad per 31.12.16

  • Skåp på handverkstunet. Per Rusten skåpet.
  • Saker etter Jo Gjende i safen i Kyrkjestugu
  • Cannon HD videoopptakar med stativ hos Sverre Nybø
  • Casio reknemaskin hos kasseraren
  • Brother kopimaskin hos kasseraren
  • Dell PC hos kasseraren
  • Stol gjeve av etterkommerne av Hans Vineshaugen. Håndverkstunet.
  • Bøker og kassettar hos Gustav Ekre:
      • Bureising i Heidal                                       49
      • Frå Heidal til Decorah                                46
      • I Heidale 2010                                           utselt
      • I Heidalé 2011                                            14
      • I Heidalé 2012                                         196
      • I Heidalé 2013                                           115
      • I Heidalé 2014                                         192
      • I Heidalé 2015                                         159
      • I Heidale 2016                                               92
      • Gard- og slektshistorie, band 1                165     
      • Gard- og slektshistorie, band 2                176
      • ( Ein god del bøker ligg ute i kommisjon på butikker)
      • J. Espelund: Slette                                  
      • J. Espelund: Klones                                 
      • Fleire kartonger Espelund-bøker lagra hos Gustav Ekre og Ola . K. Randen
      • 4  pappaskar med lydkassettar etter Jørgen Espelund – merkt med blindeskrift
      • 1 pappask med gardshistorie frå Nerdalen hos Arne Andor Randen
      • Ein god del hefte av Semon Prestgard: «Heidal kommune 1908 – 1965», «Den store utvandringa», «Bygde- og gardshistorie» og «Spelemannshistorie».
      • To harddiskar med gamle bilete som me ikkje veit kor er.