Den 11. april 2011 blei det avholdt møte i arkeologigruppa i Heidal Historielag på Weistad. Tilstades: Helge Frikstad, Odd Steinar Larsen, Jostein Espelund, Ola K. Randen, Erik Eggen Åmillom og Sverre Svindland.
Opplegget for sommersesongen blei drøfta, og her kjem det ei liste med aktuelle turer:

  Jelkedalen - Dette er ein tur som vart tenkt på i fjor. Dersom det blir mogeleg å få med oss ein lokalkjent guide, kan det bli ein lang kveldstur eller ein dagstur hit for å sjå på diverse lokaliteter, m.a. ei vassveit.
Helge Frikstad undersøker med kjentmann og står ansvarleg for turen.

  Espesetra - Kveldstur for å sjå på jernframstillingsplass, vassveiter mm. Helge Frikstad og Jostein Espelund har ansvar for turen.

  
Randsverk - I samband med kurset i registrering av kulturminner som starta på Jutulheimen i Vågå 31.mars skal det vera ein dag ute i felten. Dette blir på Randsverk, truleg nokså snart etter påske.
Jostein Espelund er gruppa sin kontaktperson her.

Gudbrandsdal historielag - I samband med utgravinger som skal gå føre seg i E6-trasèen i Midtdalen nå i sommer, vil det venteleg bli arrangert synfaringer til interessante områder.

  
Bergdøltjønnan - Kan bli aktuelt med ein dagstur i dette området. Ola K. Randen er ansvarleg for turen.

 
 Klebergruva i Øverbygda - Kan bli aktuelt med ein kveldstur hit. Helge Frikstad ordner med kjentmann.

  Bergelykkja - Kan vera aktuelt med ein kveldstur her.
Jostein Espelund tek seg av denne turen.

  
Grinningsdalen i Sjodalen - Dersom Kai Valbjør får tid kan det bli aktuelt med ein tur hit for å sjå på plassen der Grinningsdalsfunnet vart gjort, samt andre lokaliteter.

Andre turer:
Det vart òg drøfta andre turer, m.a. Kviknegråhø og Nysetra/Refjellet.
Av erfaring vil det dukke opp andre turmål enn dei som er nemd her i løpet av sesongen.
Primært vil arkeologigruppa bli varsla om desse turane. Der turen blir bestemt i god tid, vil vi prøve å legge ut invitasjon på heimesida slik at kven som vil kan vera med.
Gruppa er òg åpne for innspel frå andre.
Gudbrandsdal Historielag arrangerte den 31.mars fyrste delen av eit kurs, der emnet er "Registrering av kulturminner i utmark". Stad: Jutulheimen, Vågå.
Kursleiar var arkeolog RAGNAR BJØRNSTAD frå Oppland Fylkeskommune, og arkeologigruppa frå Heidal Historielag var godt representert på kurset.
JOSTEIN ESPELUND (nederst) heldt eit engasjerande innlegg om sine sensasjonelle oppdagingar i samband med jernframstilling.

Referat og foto: Sverre Svindland


louis vuitton outlet Cheap louis vuitton Kate Spade Outlet coach factory Retro Jordans For Sale louis vuitton outlet jordan 3 sport blue sport blue 6s retro jordans jordan 6 history of jordan legend blue 11s louis vuitton outlet michael kors outlet jordan 6 sport blue kate spade outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet coach outlet online history of jordan 6s lebron 12 cheap jordan shoes jordan 3 sport blue retro jordans lululemon yoga pants louis vuitton outlet michael kors outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet michael kors outlet legend blue 11s beats by dre cheap louis vuitton outlet kate spade outlet Louis Vuitton Outlet retro jordans louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 6 history of jordan michael kors outlet