Trygve Svindland opna årsmøtet med å framføre si eiga vise
"Den kvite dama på Murudale"
Den 3. mars 2009 kl. 1900 blei det avholdt årsmøte i Heidal Historielag for 2008 på Weistad. Tilstades frå styret: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken, Sverre Svindland og Martha Rindhølen.
I tillegg møtte det 14 medlemmer.

Pål Prestgard leia møtet og ynskte vel møtt. Som start framførte Trygve Svindland si eiga vise ”Den kvite dama på Murudale”.

Årsmøtesaker:
Innkalling og saksliste vart godkjent.
Årsmeldinga blei lese opp. Ragnhild Glad var godt nøgd med at dei gamle hefta ”I Heidale” var lagt ut på heimesida.
Reknskapen blei framlagt av Ståle Rønningen. Det blei poengtert at det reelle underskotet for 2008 var på om lag kr. 2.500,-
Reknskapen og årsmeldinga blei einstemmig godkjent.

Kontingenten blei vedteke skal vera som før, kr. 100,- pr. år. Styret får fullmakt til å eventuelt innføre familiekontingent.

Val:
Ola K. Randen la fram forslag til val frå valkomiteen:

Pål Prestgard, nestleiar, attval for 2 år
Sverre Svindland, sekretær, attval for 2 år
Sverre Nybø har sagt ifrå seg attval og som nytt styremedlem blei Jan Johansen valt for 2 år.

Varamedlemmer til styret:
Martha Rindhølen, attval
Odd Vang, attval
Kåre Holshagen, ny
Alle for 1 år

Valnemd:
For Ola K. Randen, Petter Ekre, ny, for 3 år.
Dei to øvrige representantane i valnemda er ikkje medlemmer og blei erstatta slik:
Einar Holen, ny, for 1 år
Gustav Ekre, ny, for 2 år.
Alle val var einstemmige.
Nytt friluftsteater
Per Prestgard fekk ordet og gjorde greie for ideen og opplegget med dramatiseringa av Kristian Prestgard si forteljing ”Det fyrste Amerikabrevet”. Det er danna ei gruppe som skal arbeide med dette og dei har så vidt starta. Med i gruppa er: Vigdis Ryen, Sverre Ryen, Gustav Ekre, Arne Randen, Jan Johansen, Liv Marit Prestgard og Per Prestgard. I tillegg deltar Trygve Svindland.

Gruppa ber årsmøtet om mandat til å arbeide vidare med saka.
Årsmøtet gav si fulle tilslutning til prosjektet og ynskte gruppa lukke til i det vidare arbeidet.

Utstilling av reiskaper
I samband med kaffipausa blei det høve til å sjå på utstillinga av gamle reiskap. Det var eit interessant innslag som vart godt motteke. Det var høve til å gjette på kva ein del av reiskapen har vore brukt til.

Andre økta starta med at Trygve framførte visa ”Tend eit ljos”.

Vidare arbeid
Styret gjorde greie for nokre tanker om det vidare arbeidet i historielaget og var innom desse tema: Grasrotandelen, Kvernsteinbrota i Sjolia, Geitfjellbryne, Årsskrift, Gamle bilder, Gards- og slektshistorie, Hestmåne, Intervjugruppa og planlagte turer.

Ola K. Randen og Kåre Holshagen vann gjettekonkurransa der båe hadde 8 rette av 10 spørsmål.

Møtet slutt kl. 2120.

Praten går kring kaffeborda.

ÅRSMELDINGA

louis vuitton outlet cheap jordans louis vuitton outlet lebron 11 jordan 3 sport blue new jordans coach outlet online louis vuitton outlet kate spade outlet beats by dre outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet cheap jordan shoes Kate Spade Diaper Bag Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet kate spade outlet louis vuitton outlet cheap jordans sport blue 3s coach outlet online jordan 6 history of jordan kate spade outlet kate spade outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s kate spade outlet lebron 12 Kate Spade Diaper Bag coach outlet online beats by dre cheap lebron 12 cheap louis vuitton sport blue 6s sport blue 3s louis vuitton uk