Protokoll frå årsmøtet 16. februar 2017

Årsmøte vart avholdt på Heidal skule den 16. februar 2017 kl. 18.00.


1. Leiaren av historielaget, Arne Andor Randen, ynskte vel møtt til dei  18 frammøtte.


2. Leiaren vart vald til møteleiar.
     Edvin Espelund og Magne Teigen  vart vald til å underskrive årsmøteprotokollen.
3. Kunngjering om årsmøtet, innkalling og sakliste vart godkjent.


4. Gustav Ekre gjorde greie for den reviderte reknskapen.  Reknskapen viser eit underskott på om lag kr. 17.400,- . Dette kjem helst av at det er gjeve tilskott til grendahusa.
    Reknskapen vart godkjent.  


5. Leiaren las opp årsmeldinga for 2016. Denne vart godkjent med mindre endringer.
    Det blei påpeika at årsmeldinga kunne ha innholdt fyldigare dekning av Kr. Prestgard jubileet. Det blei etterlyst nye medlemmer til årbokkomiteen og bedre kjentgjering av turar både i turgruppa og  arkeologigruppa. Det blei og etterlyst betre informasjon om kva som går føre seg i laget. Gustav  Ekre gjorde greie for treskiltet av blankenborggutan som møtte trolla på Heidalsskogen og  eventuell restaurering av dette. Einar Holen skal framskaffa ein pris på dette. Det er Åse Skogum og  Arne Ekre som har ansvaret for facebooksida.  Leiaren gjorde greie for kva støtta til grendehusa har vore brukt til. Det blei opplyst at ein av harddiskane med gamle bilete er det Arne Ekre som har.

6. Medlemmskontigenten skal framleis vera på kr. 100,- pr. år.


7. Det var ingen innkomne forslag.


8. Einar Holen la fram valkomiteen sitt forslag til val:
    Leiar: Attval på Arne Andor Randen for 1 år, godkjent.
    For styremedlem Åse Skogum blei Edvin Espelund valt for 2 år.
    For styremedlem Sverre Svindland blei Karen Marie Skarshaug valt for 2 år.
1.varamann: Attval på Knut Klashaugen for 1 år
2.varamann: Attval på Per Prestgard for 1 år
3.varamann:Attval på  Martha Rindhølen for 1 år
Valkomitemedlem: Attval på  Einar Holen for 3 år
Alle val var einstemmige.


9. Planer for 2017:
Leiaren la fram tankar om kva styret vil ha mest fokus på  i komande periode:

  1. Årboka «I Heidale». Sakna innspel om gode idear.
  2. Nytt skuleprosjekt i gong: «Gamle bilete» - Elevane på mellomsteget skal skanna eit eller fleire bilete og skriv om dette.
  3. Gards- og slektshistoria. Systematisering  av rettinger og tillegg.
  4. Ope helg. Arrangere tur og stand som før.
  5. Turgruppa. Arrangere turar.
  6. Arkeologigruppa. Viareføre arbeidet.
  7. Heidalsmålet. Arbeide med å revidere/trykke opp att hefte. Arbeidet er så vidt byrja på.
  8. Temakvelder.Treng idear til medlemmsmøte. Gamle bilete kan vera eit forslag.
  9. Informasjon om ny bok. Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken skal gje ut bok om brevvekslinga mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard. Det har kome forespurdnad om å gje kr. 1000,- i støtte til boka, noko som historielaget har sagt ja til. Viare har forfattarane bedt om at historielaget hjelper til med å gjera boka kjent når ho kjem ut, venteleg til våren.
  10. «Maihaugens venner»  har planar om å legge turen i år til Heidal og det vil skje i september. Historielaget vil hjelpe til med opplegg og kjentmann.

Etter at det formelle årsmøtet var gjennomført blei det ei triveleg stund med kaffi og godt biteti.
Til slutt blei det avspeling av eit radiointervju med Ludvig Stornes. Denne kjente  sjølvlærte geniet har sine røt i plassen Holet i Nedre Heidal.  Det er skrive ein artikkel om han i årboka for 2015.

 

                             Edvin Espelund                                     Magne Teigen
                                      Sign                                                                  sign