Årsmøte i Heidal Historielag, Weistad tysdag 15.mars 2011 kl.19.00
Det var 43 frammøtte. Leiar Sverre Svindland ønskte vel møtt og var møteleiar,
Arne Randen møtesekretær.
Sak 1: Godkjenning av innkalling og sakliste: Einstemmig godkjent.
Sak 3:Årsmelding: Leiaren gjennomgjekk heile årsmeldinga punkt for punkt.
Kommentar frå Svein Sæther om at styringsgruppa for bureisarprosjektet ønskte ein medlem med tilknytting til Heidal Historielag.
Sak 4:Medlemskontingent - Einstemmig vedtak: Kontingent som før 100 kr.
Sak 5: Val: Valkomiteleiar Einar Holen las opp komiteens forslag.
Leiar: Per Prestgard. Einstemmig valt.
Nestleiar/styremedlem: Jan Johansen og Arne Andor Randen. Einstemmig valt.
Kven som blir nestleiar/styremedlem blir fastsett på neste styremøte.
Kasserar: Ikkje på val. (Hilde Engvik Lusæter.)
Sekretær: Ikkje på val. (Jan Erik Kjær.)
Vararepr. til styret: Martha Rindhølen, Svein Sæther og Kåre Holshagen.
Revisor: Steinar Løsnesløkken.
Valkomite: Einar Holen (2013), Gustav Ekre (2014) og Petter Ekre (2012).
Sak 6:Innkomne saker:
A: Forslag om æresmedlemsskap.
B: Forslag frå Steinar Løsnesløkken: Styret i Heidal Historielag får i oppdrag å utarbeide kriterier for æresmedlemskap i laget, og forslag til endringar i vedtekter som opnar for utnevning av æresmedlemmer.
* Forslag A og B vart teke opp saman, og styret vart pålagt og utarbeide forslag som i
forslag B og leggje dette fram for neste årsmøte.
C: Forslag frå Grete Lilleseter, Per Prestgard og Gustav Ekre:
Heidal Historielag etablerer eit fond med det formålet å ha middel til utviklings- og/eller produksjonstiltak i regi av laget sine undergrupper. Forslag om å avsette NOK 50 000 for året 2010.
* Forslaget einstemmig vedteke. Kasserar må gjera dei reknskapsmessige justeringar.
Årsmøtet avslutta med kaffe og biteti.
Etter årsmøtet kåserte Arnfinn Engen om emnet: Bygningshistorie og byggjeskikk i
Gudbrandsdalen.