.

Årsmøtet blei halde på Weistad tysdag den 2.mars 2010 kl. 1900
Forutan eit fulltallig styre møtte det 20 personar.
Nestformann Pål Prestgard leia møtet.

Innkalling og saksliste
Her var det ingen merknader frå årsmøtet.

Årsmelding
Årsmeldinga blei utdelt og lese opp. Det vart påpeika frå representant frå Heidal husflidslag at samarbeidet med historielaget under Ope Helg var svært vellukka og at dei godt kunne tenke seg ytterligare samarbeid i framtida.
Årsmeldinga blei einstemmig vedteke.

Reknskap
Kasseraren gjekk gjennom reknskapen. I motsetning til førre året viser tala for 2009 eit overskott på omlag kr. 5.700. Grunnen til dette er annonseinntekt, grasrotmidler frå Norsk Tipping og fleire medlemar.
Tilskottet på kr. 3.000,- frå Norsk Kulturarv kjem fyrst på reknskapen for 2010.
Reknskapen blei einstemmig vedteke.

Kontingenten frå 2011
Forslaget frå styret er å halde denne uendra, kr. 100 pr. år. Det vart ein del drøfting om kor vidt ein skulle auke denne og etter ein del forslag vart styret sitt forslag vedteke.

Innkomne forslag
Det er ikkje kome inn forslag som skal handsamast av årsmøtet, men under dette punktet vart det drøfta opptak av lån til trykking av årsskrift. Opptak av lån er òg naudsynt for trykking av bureisarhistoria. Styret ser det slik at dette er noko styret lyt kausjonere for. Det er då rimeleg at det nye styret tek stilling til dette. Det var eindel som meinte at det var urimeleg at det berre var styret som skulle ta denne risikoen. Kan hende kunne ein kome til semje med trykkeriet om betalingsutsetting.
Det var ellers ingen motforestilling mot å ta opp lån til dette formålet. Dette er noko det nye styret lyt jobbe med.

Val
Styret: Einar Holen frå valkomiteen la fram forslag til val. Styret har fungert i fleire år utan formann, og valkomiteen la fram forslag om at Sverre Svindland blir frigjort frå sekretær-jobben og tek på seg formannsvervet for eit år.

Ståle Rønningen, kasserar og Guri Brobakken, styremedlem er på val og tek ikkje attval. Forslag til nye styremedlemar er Jan Erik Kjær og Hilde Engvik, båe med funksjonstid 2 år. Styret avgjer sjølve kva for funksjonar dei nye styremedlemma skal ha.
Varamedlemar: 1. Arne Andor Randen, 2. Martha Rindhølen og 3. Kåre Holshagen, alle for 1 år om gongen.

Valnemd: Her er Einar Holen på val, og han blei attvalt for 3 år.

Revisor: Attval på Steinar Løsnesløkken for 2 år.

Alle val var einstemmige.

Friluftsteatergruppa
Per Prestgard gjorde meir utførleg greie for arbeidet i denne gruppa. Årsmøtet ser fram til framsyninga nå i sumar.

FOREDRAG
Etter kaffipausa tok Tor Stallvik over med foredraget sitt. Han fortalde om Norddalsarkivet og arbeidet der. I alt er det 22 arkiv frå Heidal her, mest gardsarkiv. Alt arkivmateriale som Ivar Teigum brukte i bygdebokarbeidet er òg her.
Andre del av foredraget var om utviklinga av folketalet i Heidal med grunnlag i folketellingane i 1801, 1865 og 1900. I 1865 var det busett 1514 personer i Heidal, omtrent som i dag. Dette gjekk ned til 1292 i 1900, mest p.g.a. utvandring. Det var mest utruleg kva for opplysninger han kunne trekke ut av folketellingane. Dette var t.d. data om yrkeslivet, utviklinga av dei ymse yrkestitlane, kva for namn som var mest brukt, alderssamansetning m.m.

Årsmøtet fekk god innsikt i korleis ein kan trekke ut data av registra og sette desse saman på nytt og på den måten få fram nye opplysninger.

Møteleiaren takka til slutt dei to som nå gjekk ut av styret og ynskte dei 2 nye styremedlemane velkomne i styret.

Møtet slutt kl. 2125.




Guri Brobakken og Ståle Rønningen takker for seg i styret.



Tor Stallvik heldt eit engasjert foredrag
om "Heidal i gammeltid-verd'n."



Utsnitt av ei svært så lydhøyr forsamling.

louis vuitton outlet louis vuitton outlet sport blue 3s foamposites black suede nike kd vii coach outlet online foamposites for sale louis vuitton outlet jordans for sale Louis Vuitton Outlet jordan 6 sport blue cheap jordan shoes louis vuitton outlet kate spade diaper bag jordan 6 history of jordan beats by dre outlet jordan 6 sport blue sac louis vuitton coach outlet online louis vuitton outlet foamposites black suede new jordans coach outlet online sport blue 3s cheap jordans jordan 6 sport blue michael kors outlet jordan 6 history of Jordan jordan 3 sport blue jordan 6 history of jordan lululemon outlet foamposites cheap air jordans sport blue 6s louis vuitton outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet sport blue 6s louis vuitton outlet