Arkeologigruppa i historie-laget driv med registrering av alle slags kulturminner, alt etter interessefelt til dei som er med. I fyrste omgang er det for det meste minner etter den gamle jakt- og fangst-kulturen som det har vore drive mest med. Her finns det ein god del rundt omkring i bygda. Likeeins er det interesse for alt som har med kolbrenning og jernframstilling å gjera.
xxVi har endå ikkje fått skikkeleg struktur på opplegget men vi jobbar med saka. Meininga er at vi rapporterer om alle freda kulturminner til kulturvern-avdelinga i fylket.
SPESIELLE KULTURMINNER
DET BLIR JOBBA MED
*** HESTMÅNA
Bygdeborg/fangstanlegg på Kleivom ovanfor øvre Kleiven. Her var arkeologi-gruppa på kveldstur den 15. mai 2007 for å sjå på anlegget. Etter den tid har ein prøvd å skaffe til veie mest mogeleg av skriftleg materiale om anlegget. Planen er nye synfaringer og rapportskriving i 2008. Ta kontakt om De veit noko om anlegget.
*** KVERNSTEINBERGET I SJOLIA
Dette er eit prosjekt vi har tenkt å jobba litt med, men vi har endå ikkje kome i gong. Dersom nokon har opplysninger om kvernsteinbrotet er det fint om De tek kontakt med oss.
KJENNER DU TIL KULTURMINNER ?
Heidal Historielag er interessert i å koma i kontakt med personer som kjenner til kulturminner i bygda.
Ta kontakt så vil vi hjelpe til med registrering og eventuell formidling til kulturvernavdelinga i fylket.
Vi er i utgangspunktet interessert i alle slags kultur-minner/fornminner. Dette gjeld også lausfunn av gjenstander.