|
|
|
STYREMØTE
Måndag 25. januar 2010 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i Kyrkjestugu.
Tilstades: Pål Prestgard, Jan Johansen, Ståle Rønningen, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
Økonomi
Ståle redegjorde for den økonomiske stoda. Denne er nå mykje betre enn for eit år sidan.
Grasrotandelen gjennom Norsk Tipping kaster av seg eindel, og vi har fått kr. 3.000 frå Norsk Kulturarv for rydding i Kvernsteinberget. Medlemstalet aukar, og dette gjer òg sitt til at det blir meir penger i kassa.
Årsmøtet
Årsmøtet for 2009 blei drøfta og arbeidsoppgåver fordelt. Det blei drøfta ymse forslag til innslag ut over dei vanlege årsmøtesakene. Ståle ordner med dette. Dato for årsmøtet er hellar ikkje heilt fastsett endå.
Foto og filmgruppe
Styret drøfta om vi skulle prøve å sette i gong ei slik undergruppe for å få større innsats på dette området.
Ein vil prøve å få til eit møte med det fyrste med sentrale personer i bygda. Det kan og bli aktuelt å vidareføre arbeidet med Heidalskalenderen som fotoklubben har teke seg av.
Ymse
Ellers var me som vanleg innom mange emner.
Pål redegjorde for arbeidet i bureisarprosjektet og gards- og slektshistoria. Ein vil prøve å få til eit nytt styremøte i slutten av februar for å planlegge årsmøtet og vidare arbeidsoppgåver.
Møtet slutt kl. 2100.
|
|
|
|
|
|
|