STYREMØTE
Tysdag 23. februar 2010 kl. 1830 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Kyrkjestugua.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Jan Johansen og Sverre Svindland. Guri Brobakken hadde meldt forfall.
Årsmøte
Opplegget for årsmøtet som er fastsett til neste tysdag blei drøfta.
Reknskap
Ståle la fram revidert reknskap for 2009. Dette blei godkjent. Samanlikna med året før har 2009 vore eit godt økonomisk år for historielaget.
Årsmelding
Denne blei framlagt og godkjent.
Kontingent
Det var semje om at kontigenten for 2011 framleis skulle vera kr. 100. Ei høgding av kontigenten vart drøfta men vi foreslår at denne blir som før inntil vidare.
Årsskriftkomiteen
Komiteen rekner med å kunne gje ut det fyrste årsskriftet nå til hausten. Trykking av 500 eksemplar vil koma på omlag kr. 50.000. Styret er innstilt på å låne midler til dette. Då det er styret som lyt kausjonere for lånet finn vi det rimeleg å avvente dette til det nye styret er kome saman etter årsmøtet.
Invitasjon
Styret har fått invitasjon til Gjendesheim for å vera med på avdukinga av ein Jo Gjende kjelke m.m. nå fyrstkomande sundag. Dei som har høve til det kan reise.
Foredrag
Det har kome tilbud frå Arnfinn Engen om gratis foredrag om skyssvesenet i Gudbrandsdalen. Dette er noko vi kan kome attende til i eit seinare medlemsmøte.
Møtet slutt kl. 2000
(Storslalom i OL med lokal deltakar ventar!)
|