|
|
|
|
|
STYREMØTE
Onsdag den 24. mars 2010 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Kyrkjestugua.
Tilstades: Jan Johansen, Pål Prestgard og Sverre Svindland frå styret. Hilde Engvik hadde meldt forfall og Jan Erik Kjær møtte ikkje.
Trykking av bureisarhistoria
Pål Prestgard opplyste at trykking av boka om bureisar-historia nok blir ordna før sumarferien. Det blir då aktuelt å låne penger til trykkinga. Bokkomiteen vil legge fram eit overslag over dette med det fyrste. Det er meininga at denne boka skal vera klar til open helg.
Dersom salet av denne boka går godt kan det hende at ein ikkje treng låne så mykje til årsskriftet.
Foto- og filmgruppe
Det var innkalt ein del personer til kl. 2000 for å drøfte oppstart av ei foto- og filmgruppe i historielaget.
Desse møtte: Magne Teigen, Bård Bårdløkken og Ståle Rønningen.
Det blei ei konstruktiv drøfting om kva ein kunne gjere for å forsere arbeidet fotoklubben og nå Magne Teigen har jobba med i mange år.
Magne Teigen opplyste at fotosamlinga nå tel om lag 750 bilder der innholdet er kjent og ellers 300 andre bilder der ein ikkje har alle opplysningane.
Det var semje om å starte ei slik undergruppe i historielaget. Forutan dei 3 nemde personane blir web-ansvarleg i historielaget, Arne Jan Randen med.
Gruppa konstituerer seg sjølve og Ståle kaller inn til fyrste møte. Gruppa står fritt til å knytte til seg dei personane dei har bruk for. Historielaget kan antakeleg stille med noko midler til innkjøp av utstyr.
Mandatet for gruppa blir i hovudsak å samle inn bilder og film og å framskaffe så mykje opplysninger som mogeleg om desse. I tillegg undersøker dei om det er mogeleg å fortsette å gje ut Heidalskalenderen som fotoklubben har drive med i 25 år.
I tillegg skal gruppa ta seg av samarbeidet med Sel Historielag om å gje ut DVD er av gamle filmklypp frå Sel kommune.
Møtet slutt kl. 2015.
|
|
|
|
|
|
Frå vinstre, rundt bordet: Bård Bårdløkken, Pål Prestgard, Magne Teigen,
Ståle Rønningen og Jan Johansen. |
|
|
|
|
|
|
|
|