I samband med planlegging av ny E6 frå Ringebu til Otta vart det i 2008 gjort mange interessante kulturminnefunn på fleire stader i dalen.

Gudbrandsdal Historielag/Dølaringen i samarbeid med Oppland fylkeskommune og Fron Historielag inviterte til seminar om dette på Dale-Gudbrands gard på Hundorp den 25.april. Det var og synfaring på Jetlund og Breivegen i Sør-Fron og Veikleenget i Nord-Fron.

Arne Skuterud, formann i Gudbrandsdal Historielag, ynskte vel møtt og ga ordet til leiaren av registrerings-prosjektet, arkeolog Øystein Andersen frå kulturvern-avdelinga i fylket.
Andersen fortalte om arbeidet så langt og dei funna dei har gjort. Leitinga har gått føre seg på den måten at dei har flekka av det øvste jordsmonnet med gravemaskin på striper i den dyrka marka i terrenget. Ettergraving har då gått føre seg med vanlege manuelle metoder.

Det vart gjort overraskande mange funn i nokre av lokalitetane. Det er funne tydelege spor etter busetting fleire stader. Det er mellom anna funne spor etter stolpehus, kokegroper og områder med skjørbrent stein. Spesielt på Jetlund og Veikleenget er det funne spor etter fleire hus. Andersen reknar med at dei fleste funna er frå jarnalderen, dvs frå 500 f.Kr. – 1000 e. Kr. Det er teke fleire prøver av kol og rester av trevirke i husstolpene for datering. Desse har dei ikkje fått svar på ennå.

Det er ikkje tidlegare gjort så omfattande funn av busetting frå denne perioden i Gudbrandsdalen så funna er spesielt interessante. Registreringa vil fortsetja i 2009. E6-traceen er ikkje endeleg fastlåst så opplegget med registreringa må tilpassast planlegginga framover.
Det som er gjort til nå er kun registreringer, kor vidt det blir utgravinger av einskilde lokaliteter blir avgjort seinare.

Det møtte opp om lag 30 personer til seminaret på Hundorp. Berre to av desse var frå historielaget i Heidal, men dei fekk ein lærerik dag i det fine vårværet medan bjørkelauvet spratt.


Ved Jetlund på Hundorp er det m.a. gjort funn
av hustofter frå jarnalderen.

Og ved Veikleenget sør for Kvam er det gjort
overraskande mange funn, særleg med tanke på
at dette er på baksida av dalen.
Tekst: Sverre Svindland / Foto: Odd Steinar Larsen

jordan 6 sport blue louis vuitton outlet sport blue 6s jordan 6 sport blue louis vuitton outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet coach factory outlet louis vuitton outlet cheap air jordan shoes louis vuitton outlet jordan 6 history of jordan louis vuitton outlet louis vuitton outlet coach outlet online michael kors outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordans louis vuitton outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet Cheap Oakley Sunglasses louis vuitton outlet kate spade outlet jordan 3 sport blue louis vuitton outlet lululemon outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet michael kors outlet Kate Spade Diaper Bag concord 11s jordan 6 sport blue coach outlet online history of jordan 6s history of jordan 6s coach outlet online michael kors outlet