Ola K. Randen og Helge Frikstad inviterte til kveldstur i idylliske Puttom ved Høgsetra den 17.juli '08 for å sjå på fornminner i området.

Det fyrste området me såg på var eit jarnutvinningsanlegg på Blesterhaugen. To store kolgroper like attmed kvarandre. Kol og slagg over området omkring kolgropene vitnar om at det har vore produsert mykje jarn her. Det verker som det har vore blestring på fleire plasser rundt kolgropene. Det blei funne ei steinansamling som kan ha vore rester av ein blesterogn, men dette er ikkje mogeleg å finna ut av med mindre ein grev og roter i området. Dette er som kjent ikkje lovleg.

Det andre området me såg på, låg høgare opp i terrenget og var ei ansamling på 10-12 små groper, diameter 1 m og litt over. Desse låg tett i tett i to felt like attmed kvarandre. Det blei påvist kol i dei fleste så det er nok kolgroper.

Fin kveldstur i fint terreng. Mest ikkje udott, og dusjregnet kom ikkje før på attendeturen. Desse var med på turen: Valborg Eckblad, Ola K. Randen, Jostein Espelund, Odd Steinar Larsen, Magnar Juvstad, Amund M. Frikstad, Helge Frikstad og Sverre Svindland.
Det er enkelt å finne prov på at det har vore produsert
mykje jarn i dette området.
Og på tampen vart det tid til ein kafferast
i det fine været.

Tekst og foto: Sverre Svindland

louis vuitton outlet louis vuitton outlet sport blue 6s louis vuitton outlet cheap jordans michael kors outlet jordan 6 sport blue sport blue 3s foamposites for sale Michael Kors Outlet michael kors outlet louis vuitton outlet lebron 12 michael kors outlet jordan 6 sport blue cheap jordan shoes jordan 3 sport blue history of jordan 6s beats by dre outlet Cheap louis vuitton Cheap Oakley Sunglasses beats by dre outlet foamposites for sale jordan 3 sport blue michael kors outlet jordans for sale louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap jordan shoes louis vuitton outlet louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet michael kors outlet history of jordan 6s louis vuitton outlet michael kors outlet history of jordan 6s