Styremøte 18. februar 2016

 

STYREMØTE I HEIDAL HISTORIELAG.

Torsdag den 18. februar  2016 kl. 1630 blei det avholdt styremøte på Heidal skule i forkant av årsmøtet. Tilstades: Arne Andor Randen, Kari Mosebakken,  Sverre Svindland,  Per Prestgard, Åse Skogum,  Gustav Ekre og  Svein Sæther  

1. Årsmøtet for 2015. Opplegget for årsmøtet blei drøfta. Årsmeldinga og planane for neste år blei gjennomgått. Ola Hage vil stå for underhaldninga. 

2. Søknad til kommunen om driftsmidlar. Søknadsfristen er 1. mars. Leiaren tek seg av dette.

3. Kristian Prestgard – jubileet.  Gustav og Per orienterte om framdrifta. Dette vil det og bli orientert om på årsmøtet.

4. Heimesida. Orientering. Ein har til nå ikkje funne nokon som vil ta over  ansvaret for heimesida  men styret arbeidar vidare med saka.

5. Neste møte.  Planen er å halde dette torsdag den 10. mars kl. 18.00 i Kyrkjestugu

6. Eventuelt. Per orienterte om ein sjult  skatt i fjosmuren på Harlaug. Dokument  som gjeld historia til garden er lagt inn i ei sinkkiste og mura inn i fjosmuren. Det skal og vera med eksemplar av «Tutarhornet» som var organet for «Samtalelaget» i Heidal. Dette er eit håndskrive blad som er forfatta av Kristian Prestgard og er altså noko av det tidlegaste i forfattarskapen hans.

Møtet slutt kl. 1730

Ref. Sverre