Styremøte 26. januar 2016

Torsdag den 28. januar  2016 kl. 1800 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i Kyrkjestugu.

Tilstades: Arne Andor Randen, Kari Mosebakken,  Sverre Svindland,  Per Prestgard, Åse Skogum Gustav Ekre og  Svein Sæther  

Sak A. Årsmøtet for 2015

Leiaren orienterte om det komande årsmøte den 18. februar 2016 kl. 18.00 på skula. Opplegget for møtet vart drøfta og arbeidsoppgåvene vart fordelt. Det var semje om å foreslå uendra medlemmskontigent. Eventuell underhaldning i tillegg til årsmøtesakene  vart drøfta og det blir arbeid vidare med saka.

Sak B. Temakveld om Kristian Prestgard

Den 29. april 2016 er det 150 år sidan han vart fødd og på førre møtet vart det valt ein komite som fekk som mandat å markere dette. Per Prestgard og Gustav Ekre utgjer komiteen og dei la fram eit omfattande forslag til jubileumsmarkeringa som innheld seminar, temakveld og utstilling. Kostnadsramma er sett til kr. 25.000,- Det vil bli søkt om støtte frå fleire hold.  Dette vil truleg bli avvikla ein gong i mai. Styret ga sin fulle tilsluttning til opplegget.

Sak C. Skuleprosjektet

På førre møte drøfta me eit nytt skuleprosjekt med tema  gamle bilete. Arne orienterte om dette. Han har prata med lærare på mellomsteget. Dei er interessert, men arbeider fram til påske med eit leseprosjekt og kan tidlegast starta opp med dette nye prosjektet etter påske eller eventuelt til hausten att. Ideen er at elevane tek med seg gamle bilete frå heime(eller anna stad), skriv om bileta, lagar spørsmål til intervju med nokon om bileta. Resultatet kan me bruke fritt til t.d. ei utstilling på Ope helg, bokslepp eller liknande.  Me vonar at prosjektet kan vera  inspirasjon til innsamling og digitalisering av gamle bilete.

Sak D. Økonomisk stønad til grendahusa

Styret oppret held vedtaket frå førre møtet om å yte akuttstønad til utbetring av grendahusa Øytun og Rindvang. Forslaget blir lagt fram til orientering på det komande årsmøtet. Storleiken på stønaden blir avgjort seinare.

Sak E. I Heidale 2016

Gustav Ekre har teke over leiarjobben i årbokkomiteen etter Per Prestgard. Per fortsett som medlem i komiteen.  2016 utgåva er i godt gjenge og det kan sjå ut som stofftilfanget er stort nok, men alle er velkomne med nytt stoff eller idear.

Sak F. Eventuelt

Plan framover: Fleire temakvelder

                              Fleire turar/vandringer

                               Årbok

                               Ope helg, stand og quiz

                               Kristian Prestgard jubileum

Styre vil oppmoe til å kome med fleire idear!

Heimesida:         Web-ansvarleg Arne Ekre har ynskje om å sleppe jobben.  Styret vil prøve å finne andre som kan ta på seg denne oppgåva.

Kari Mosebakken har sagt frå seg attval i styret. Styret takka for innsatsen.

 

Møtet slutt kl. 2030




Ref. Sverre