Torsdag den 26. november 2015 kl. 1800 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i Kyrkjestugu.
Tilstades: Arne Andor Randen, Kari Mosebakken,  Sverre Svindland,  Per Prestgard, Åse Skogum Gustav Ekre og  Svein Sæther  


Sak 1. Evaluering av bokslepp
Årboka for 2015 blei lansert den 15. november 2015 på skula. Styret var godt fornøyd med gjennomføringa og vil gratulere årbokkomiteen med årboka for 2015 og arrangementet den 15.


Sak 2. Grendahusstøtte
Det har kome søkna frå eit av våre to grendahus om støtte til vedlikehold/utbedring av huset. Etter vedtektsendring på årsmøtet den 6. mars 2013 har historielaget nå høve til å yte tilskott/støtte til tiltak og aktiviteter som er posetive for bygda. Båe grendahusa våre, Rindvang og Øytun, kan karateriserast som ei av livsnervene i bygdesamfunnet og vil kome inn under formåla for støtte. Heidal Historielag kan tenke seg å vera med å gje støtte til akutthjelp for vedlikehold av bygga. Dette kan og vera med på å gje grendahusa ein ekstra inspirasjon i arbeidet. Det blei vedteke at historielaget kan gje støtte til materialkostnader til å stelle på taka på grendahusa. Kor mykje historielaget kan bidra med blir vedteke seinare når me har fått oversikt over kostnader frå grendahusa.


Sak 3. Kristian Prestgard 150-årsjubileum
Det blir oppretta ein komite som får i oppgåve å førebu ein temakveld om dette emnet, fortrinnsvis den 29. april 2016 som då vil vera nøyaktig 150 år sidan Kr. Prestgard vart fødd. Per Prestgard og Gustav Ekre blir med her. Dei står fritt til å få med seg andre etter som dei treng.


Sak 4 .Årsmøte for 2015
Ein tek sikte på å avholde årsmøtet torsdag den 18. februar 2016 kl.18.00 på skula.  Oppgåvene til årsmøtet blei gjennomgått og fordelt mellom styrerepresentantane.


Sak 5. Skuleprosjektet
Skuleprosjektet historielaget hadde med dei tri klassane på mellomtrinnet forrige skuleår er me godt tilfreds med. Kan hende kunne me vidareføre dette også i år sjølv om det kjem seint i gong. Historielaget kunne godt tenke seg eit prosjekt om «Gamle bilete frå Heidal»der elevane tek utgangspunkt i eit eller fleire bilete og prøver å finne ut mest mogeleg om motivet. Arne tek kontakt med skula om dette.


Sak 6. I Heidale 2016
Per Prestgard gjorde greie for neste årbok. Dette ser ut til å gå bra og det er mange forskjellige forfattere som er engasjert. Årbokkomiteen vantar  leiar etter at Per P har sagt frå seg vervet.

 

Sak 7. Eventuelt
Arne har vore i kontakt med ein person frå Otta som er interessert i å gje ut ei bok med gamle prospektkort frå Sel kommune. Han vil ha samarbeid med historielaget om dette. Arne tek kontakt for meir informasjon.
På førre styremøte blei det vedteke at på neste møte bør me prøveå få til ei idemyldring om kva historielaget skal satse meir på framover.
Til nå har me desse aktivitetane:
-Arbeid med årboka
-Ope helg, stand med boksal og quiz
-Boksal på på Håndverkstunet under julemessa
-Bokslepp årboka
-Årsmøtet
-Historisk vandring i samband med ope helg
-Einskilde temakvelder
-Arkeologigruppa med diverse turar
-Slektsforskergruppa som har jevnlege møter i vinterhalvåret
Me kan tenke oss at i tillegg til dette som er nemd  å prioritere fyljande:
-Oftare turar/vandringer med historisk tilsnitt rundt om i Heidal og omegn. Få med seg kjentpersonar. For å få til dette kan me tenke oss å sette ned ein fast turkommite. Dette blir eventuelt ei undergruppe under historielaget.  Me vil kontakte ein del personar som kan tenkast vil vera med på dette.
- Fleire temakveldar, dette kan vera å hyre inn aktuelle foredragsholdere som kan ta seg av emner om/frå Heidal. Kveldar med vising/evaluering av gamle bilete. Møter om slektsforskning.
Lista er utømmande! Kom med forslag!
Det blei kasta fram forslag om å prøve å få i gong att heidalskalendaren. Dette kan godt gjerast i regi av historielaget, men då lyt arbeidet skje i ei undergruppe slik me hadde det for ein del år attende. Problemet er å finne dei rette folka til å ta seg av dette. Er det nokon som har interesse av dette er det bare å ta kontakt.
Møtet slutt kl. 2030


Ref. Sverre