Styremøte 29.10.14

Referat frå styremøte i  Heidal historielag i Kyrkjestugun 29. oktober 2014

Til stades: Arne Andor Randen, Gustav Ekre, Martha Rindhølen, Per Prestgard.

Arne Ekre møtte i samband med sak 4. Kari Mosebakken hadde meldt forfall.

 

  1. Evaluering av boksleppet.

Publikum med 67 til stades. Underhaldning med felemusikk og kåseri om Magne Lien av Roger Slåstuen og Amalie Åseng var vellykka.  Orientering om innhaldet i boka burde hatt fulle namn på dei nemnte personane (forfattarane). Pause midt på kvelden med kaffesalg og boksalg bra. Skuleelevane var godt nøgde med kaffesalget. Sal av årboka gjekk tregare enn i fjor. Det er ønskjeleg med meir omtale av arrangementet i pressa på førehand. Ein sundagskveld kl. 19 synest å vera høveleg tidspunkt.

  1. Årbok «I Heidale» 2014.

Fleire skjønnheitsfeil er irriterande for forfattarar og utgjevar. Det må av klarast korleis dei har oppstått og ein må prøve å unngå slike neste gong. Forholdet mellom dokumentarisk og meir underhaldande stoff  er passe.

  1. «Heidalsmålet» – ny utgåve.

Tidlegare utgåver er utselde og det er ønskjeleg med revisjon og supplering. Gustav kallar saman arbeidsgruppe (med 3-5? personar). Dei kjem tilbake til styret med plan for arbeidet og tentativt budsjett.

  1. Heimesida – rydding av gamalt innhald.

Arne Ekre «raserar» det gamle stoffet (inkl. ikkje-fungerande undergrupper) og kjem med opplegg for nytt stoff. Styret og medlemer må bli flinkare til å bruke heimesida til å informere.

  1. Brev om amerikabesøk.

Per sendar eir responsbrev etter å ha orientert seg om kva det kan gå ut på. Han tek kontakt med slektsgranskingsgruppa med tanke på den rolla den evt. kan ha under besøket.

  1. Årsmøte i Gudbrandsdal historielag (Gh).

Arne har gjeve positivt svar på spurnad frå Gh om Heidal historielag kan ta på seg vertskapsrolla. Arne og Per ber om møte med aktuell vertstad.