Tysdag den 8. oktober 2015 kl. 1800 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i Kyrkjestugu.
Tilstades: Arne Andor Randen, Sverre Svindland, Per Prestgard, Åse Skogum , Gustav Ekre og Svein Sæther. Kari Mosebakken var ikkje tilstades.
Sak 1. Frå førre møtet 4. august
Ingen kommentarer til dette møtet.
Sak 2. Bokslepp
Tidspunktet for boksleppet er endra til sundag den 15. november kl.18.00 på skula.
Programmet for kvelden blei drøfta og dette blei spikra så nokolunde og arbeidsoppgåvene blei fordelt. Annonseringa for boksleppet blir gjort i «Det skjer» i GD, plakatar, heimesida og i Norddalen. Dette tek bokkomiteen seg av.
Årboka for 2015 er nå under trykking.
Sak 3. Sal av bøker
Historielaget har etter kvart ein god del bøker til sals, både eigen produksjon og bøker me har fått av andre. Når det gjeld bøker som blir seld av kommisjonærar var det semje om at provisjonen til selgarane skulle vera lik for alle og maksimum 25 %.
Det er nå om å gjere at alle bøkene blir lagt ut for sal på heimesida.
Sak 4.Boknemda for 2016
Formannen i boknemda, Per Prestgard, ynskjer å trekke seg som formann og det er om å gjere å finne ein erstatter. Nokre personer blei nemd, og bokkommiteen jobber med saka ut frå dette.
Sak 5. Heimesida
Referat frå amerikavitjinga i sommer er nå snart klart for heimesida.
Det blei poengtert at alle i styret må ta ansvar for heimesida og bringe fram stoff til denne. Det kan og vera akturlt å få med seg andre personer til dette.
Det blei og vedteke at ein på neste styremøte skal ha ei slags idemyldring om kva slags aktiviteter me skal ta føre oss i laget. Er det nokon som les dette som har forslag er dei hjarteleg velkomne med innspel!
Sak 6. Årsmøte
Normalt blir årsmøtet avholdt i februar og det er snart på tide at valkommiteen får oversikt over kven som er på val. Arne tek seg av dette.
Sak 7. Eventuelt
Det vart drøfta mogeleg støtte til gode formål i bygda utan at det blei teke noko avgjer om dette.
Per nemde på at til neste år er det 150 år sidan Kristian Prestgard vart fødd og at me på ein eller anna måte skulle ha markert dette. Per arbeider viare med saka.
Det blir sett i gong arbeid med å behalde den «gamle» heimesida.
Det blei etterlyst skriftleg dokumentasjon på bokgåva frå Heidalsturist og bøkene etter Jørgen Espelund.
Sak 8. Nytt styremøte
Avtalt nytt styremøte ein gong i november.
Møtet slutt kl. 2045
Ref. Sverre
|