Styremøte 6. oktober 2016

Torsdag den 6. oktober 2016 kl. 1800 blei det avholdt styremøte på Kyrkjestugu.
 Tilstades: Arne Andor Randen,  Sverre Svindland,   Åse Skogum og  Gustav Ekre.  Svein Sæther,  Knut Ivar Klashaugen og Rita Randen var ikkje tilstades.  


Sak. 1: Støtte til grendahusa.  Formannen har fått attendemelding  frå  Linda Rindhølen/ Aaseng om at Rindvang prioriterer pumpe og trykktank. Kostnad om lag kr. 25.000,- . Jon Lilleseter  melder at Øitun skal skifta tak. Tilskottet går til dette.
Gustav betaler ut tilskottet på kr. 25.000,- til kvar av grendahusa.


Sak 2: Møtelokalitetar i framtida. Det har tidlegare vore drøfta om historielaget skulle leige eit rom/møtelokale i håndverkstunet. Arne har vore i kontakt med formannen i håndverkstunet om dette.  Me har ikkje fått noko konkret tilbod endå, men me reknar med at me kan bruke kyrkjestugu fram til sumaren.


Sak 3: Resultatet av quizen på ope helg. Det var kome inn over 50 svar på quizen og det var ein person som hadde 13 rette og 5 personer hadde 12 rette. Alle desse vil bli premiert og dette vil foregå i samband med boksleppet den 6. ovember.


Sak 4: Bokslepp sundag den 6. november.  Programmet for kvelden vart drøfta og dei fleste punkta kom på plass. Arbeidsfordelinga mellom styre og bokkomiteen vart avklåra.


Sak 5: Ymse. Neste møte er tenkt den 3. november, då helst for å klargjera programmet for boksleppet.
Me har endå ikkje fått nokon person til å overta ansvaret for heimesida.
Møtet slutt kl. 2000


Ref. Sverre