ARKEOLOGI-GRUPPA:
Tekst / foto:
TOR EINBU / SVERRE SVINDLAND
ONSDAG 20.AUGUST 2008 var nokre frå arkeologigruppa, pluss nokre vagverar, på ei vandring ved massefangstanlegget for rein som ligg over høa Verket. Vi kallar derfor anlegget ”Verket”, denne nemninga går att ved fleire liknande anlegg.
Desse var med: Per Stabell, Steinar Sveen, Rolf Johansen, Jostein Espelund, Jo Kåre Bakke, Ola K. Randen, Sverre Svindland og Tor Einbu.

Vandringa var todelt: Ein lengre tur utover langs det to kilometer lange anlegget kl. 17, og ein kortare tur, konsentrert om nedre del av anlegget, med avlivingskvea og tufter etter buer kl. 19. På første del var vi tre deltakarar, på andre del i alt åtte.

Dimensjonane på anlegget er store: Det er tilsaman over fire tusen meter rekkjer med steinsette stolpehol, avstand mellom hola er i snitt 3,5 – 4 meter. Dette gjev 11-1200 stolpehol. Ein stolperest frå anlegget er datert til ca. 1150 e. Kr. Stolperekkjene nærmer seg meir og meir kvarandre, og i rusespissen er det berre ca. to meter mellom dei. Enten det var storstilt slakting av alt som der hamna, eller om dyr kunne bli sleppt ut att veit vi ikkje.

Tuftene ligg eit par hundre meter frå rusespissen, sju i alt. Ei sjakt er utgrave, der fanst mest bein, men òg spikar, kroker, naglar. Dessutan knivar og bryne. Beina var frå dei minst kjøtrike delane av dyra, dvs. frå klauvane og oppover til kneleddet. Dei mest kjøtrike delane av dyra må ha vore frakta bort heile, eller har vore utbeina og frakta bort. Ein eventuell avfallshaug etter denne verksemda er ikkje påvist.

Anlegget liknar innsamlingsanlegg som reindriftssamar i Finnmark nyttar. Det er nå brei semje blant forskarar om at det har vore ei samisk befolkning i våre fjellområde frå utgamle tider. Det er derfor ikkje urimeleg å tru at dei kan ha vore med både ved anlegg og drift.

Eit liknande anlegg finst i Grimsdalen i Dovre. I Lesja og Dovre budde kanskje tusen menneske i tidleg mellomalder. Det er derfor rimeleg å tru at ein større organisasjon, enten kongemakta eller kyrkja, (eller begge), har stått bak fangstinga. ||||

Bildestripa her til venstre viser stolpehol
i terrenget, etter eit ledegjerde.
Kartet studeres før avgang innover fjellet.
Oversiktskart for fangstanlegget på Verket. Det er tale om store dimensjonar.
Her er ei av hustuftene
ne'afor avlivingskvea.
Det vart funne to uthogde groper
i ein stein like ved det eine ledegjerdet.
Og diskusjonen gjekk til tider livleg !
sport blue 6s michael kors outlet sport blue 3s louis vuitton outlet lebron 12 coach factory outlet jordan 11 concord Nike KD VII cheap jordan shoes louis vuitton outlet legend blue 11s louis vuitton outlet jordan 6 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet jordan 6 history of jordan louis vuitton outlet sport blue 6s jordan 3 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet history of jordan 6s sport blue 3s sport blue 3s nike kd vii lebron 11 michael kors outlet jordan 6 history of jordan jordans for sale coach outlet online jordan 6 sport blue michael kors outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet sport blue 3s lululemon outlet sport blue 6s louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet