Vøling av Jo Gjende - statua

Statua som står ved Håndverkstunet vart avduka i oktober 2010 og det var historielaget som fekk ansvaret for å halde den vedlike.

Statua er laga av betong på eit sjelett av jern og netting. Den har fått ein del skader, og det var spesielt reinsgeviret det har gått ut over.

Då historielaget kontakta kunstnaren, Roald Høgberget frå Raufoss, var han raskt på pletten for å stelle på dette med god hjelp av Ole Kristian Ødegård.

Statua er laga for 7 år sidan og ein må rekne med jevnleg vedlikehald.