|
|
|
xxElles ha ikje Vag-Verinn stor Hog te gaa i Kast me dessa smaae Valdersom, de va fjørne Gute og saa ha Knivann deres sute saa loust i Skjei'om, all sin Dag. Og aat-kjennoge va døm som Jerven, høyrde døm ein Børs-Smell i Fjelle, saa kom døm rennande som Kverville og vilde ha «Grunn-Løt» um de ikje alle Ti'e va paa Valders Grunn at Dyre va fellt. Paa denne Gjerde begjynda Valdersann me 'om Stor-Hans ou; han va i Kast-Lag me døm Gong paa Gong i Fystningen. Men her raakaa døm Gut, som ikje skvatt um døm bar te fiple me Knivom og «Løt» fekk døm meir, hell døm ha Hog paa. Naar døm kravde «Grunn-Løt», gav han døm Hogg um døm saa kom heile Hal'-Tyl'te og ette som døm ha vore i Hendom paa 'om Hans, vart de slutt me aa krevja «Grunn-Løt», naar døm saag de va han «Hans i Heringsta» som va i Fjelle.
xxxEingong ha han fellt fleire Dyr ein Sta inn-me Valders-Skjifte og han heldt nettup paa og røysa Kjøte for Jerve, da de kom fem Valderse faaraande og meinte saa te, at han ha skote paa Valders-Eige og at de no sto 'om te, aa gjeva døm «Grunn-Løt» me se. Ette di, døm va saa mange, heldt døm se harde aat 'om «Hans i Heringsta» og vilde ha bytt Kjøte trast. Ja, han Hans leet væl, men tykte de va saa seint paa Dagje, at han meinte de va be're døm møttest att um Maargaan og bytte Kjøte. Og de va Valdersann væl nøgde me.
xxxMen um Natte va han i Fjelle me Øyk og kjøyrde og bar Kjøte ne-i Gjendes-Bue, gjekk saa uppi Fjelle att og møtte Valdersom ette Avtalun deres. Tri Valderse va allt paa Sta'n me Hest og Kløv-Grei'e, di hine tvo ha nok tenkt se um og møtte ikje fram. Og no vart de ei Hard-Kule - den føraste Valdersen fekk eit Spenn over Kjaakaa-Beine saa de skrell av, den andre vart gripin i Bringa og sløngt saa han gjekk Kant-i-Kant, Kant-i-Kant burt-ette Stein-Skrabbom, men den treja slapp han ha naagaa Bry for, han brukte Hera-Vyrjo de likaste han ha lært. Han som foor ille i Kjaakaa-Beine vart saa forr-komin, at han lout brøkja se paa Øykje-Ryggen og di hine tvo gjekk og stødde han - saales endlyktas de Kjøt-Byte.
xxxPaa ei Fjell-Ferd ha han Hans me se han Per Horgje, skulde lære upp han Per, som va berre væl søtten Aar, sjøl tok han Hans da te aa eldast fort; han skulde bli ti'le gomol, Stor-Heringsta'n. Men va han Per ong, saa va han allt den Gongen baade saa stor og sterk, at de va full snoutt nokk, um de va nugun a'an heil Heringsta'n, som gjekk over 'om i Magt. Ein Dag skout døm ei stor Gjeld-Semle burtast i Heimdalshø'n og mea' døm flaadde ho, fekk døm sjaa tri Kare langt burt-paa Fjelle som rekte beint paa døm. Heringsta'n vonast kaa de va te Folk og smoug bakum ein stor Stein. «Er de Korpe som vil ha «Løt» me deg, saa berre held deg hard, Gut,» sa han aat 'om Per.
| Neste | Førre | Fyrstesida | |
|
|