|
|
|
xxxNaar Stor-Heringsta'n va i Bygden, va han i Arbei' paa Øver-Bjønnsta, der som eine Syster hans va gjift. Og Arbei's-Kar va han saa de folda, og hendt va han ou, antell de va me Øks hell Kniv. De er saa gjild ei tvihøg Stugu paa Øver-Bjønnsta' ho staar like go enno, som da ho va upp-timbra og de er saa stort Timber i henne, at no finns de ikje Maakan te di i nogor annor Stugu i heile Bygden. De Stugu-Vyrkje ha han Hans kjørt utu Holongs-maarken, de va enda ei litol, tufsote, rou Merr han kjørde fram Timbre me. Da han kom kjørande me di største Stokkje 'taa alle, møtte han ei Bru'-Ferd paa Langaakre paa Ner-Bjønnsta me di saamaa døm va paa Kjørkjeveg um Maargaan. Ette di kalla han den Stokken Brure, han ligg ivi Kleva-Dør'n i Stugun og er ein 'taa di største Stokkom, ein kan sjaa i Husvegg. Han va me timbra upp Stugo ou, og de er han, som ha hoggje upp den nordre-og-øvre Lafte. Da Stugo vart innreidd, skar han Hans ut Koll-Fjøle baade upp-ivi Døre og Glas og døm høvde godt i di store Stugun. For 25 Aar sia'glasa døm upp-att Stugo og gjorde nye Døre, og da vart Koll-Fjølinn ette 'om Hans ne-tikne.
xxxI Arbei's-Lag va han Hans stødt gaamaa-full og go aa vera me; han sto mykjy paa Laava og truska um Vintrann og kaar Gong han venda La'e paa Laav-Golve, hulla han Hallingen sin, saa de ljomma i Laava. Ette de bar ut i Aare me 'om tok han te aa bli laak og tufsast fort. De gjekk ikje be're me 'om hell han kom paa Bygde di siste Aare og va i Huse hjaa di andre Syster sine i Kjøllsta. Siste Housten han livde, vilde han freiste vera me Maasaa-Folkje i Kjøllsta uppi Bringsfjelle aa taakaa Maasaa, men de va berre saa-vidt han kravla se me te-fjells.
xxxEin Dag døm sat og kvilte ette Mate, sa han: «Ja, no er eg saa laak, at eg kjenne væl, at eg alder bli att meir, men eg ska no freiste aa gjera lite Moro aat døkk, lell,» - og saa hulla han Hallingen sin, dansa og gjorde Ronn-Kast paa Fjelle aat døm. Trast ette vart han liggjande, og da gjorde han Baa paa Presten Reinhardt og fortalde honom um de, som henda 'om paa Valdersfly'n; den Ogjerde angra han illt. Han Hans dø i Kjøllsta i Mai 1790, Aare ette Skriunn gjekk. Førrtjuge Aar ette va han Paal Toulsta me og tok upp-att Grave hans paa Vaagaa-Kjørkjegarde; og slike Folke-Bein, som døm grov upp ette honom Hans, ha alder han Paal seett, de va reint onderle aa sjaa di Laar-Beine, «de maatte ha vore forsett te Kar,» sa han Paal.
| Førre | Fyrstesida | |
|
|