|
|
|
xxxHeringsta'n spratt uppi Benken og skreik saa Take lyftas: «Ja, de er saa vidt døkk veit, at ska de her gaa paa Hardo, saa ha eg ikje mindre hell otte ny-slipa Knive paa meg saa go'e, at døm finnst ikje be're i heile Valders!» Ljose vart tenda att me di saamaa og no saag han Hans, at Valdersann sto som uppspennte Ar'byst frampaa Golve, og Bror aat Bru'gome fipla me ein lang Kniv i Neva. Han Hans gjorde eit Kast fram-paa Golve og spennte han paa Avle'n so Tollkniven sto derra uppi Tak-Troe, og der fann døm Kniven Saamaar'n ette. Saa greip han ein stor, tong Stol og sette paa aa slaa umkring se me og Va]dersann lout te-dørs, han rødde Huse, saa berre Brur og Bru'gom va att inne da han saag te, og sjøl sto han att me eine Bak-Stette 'taa Stole i Haann.
xxxMen no sto de att aa kaamaa ut paa fri Gard. Han reiv 'taa ei Døra-Kle'ning og tok i Hande, men Bru'gomen ropte: «Agte deg, Hans! de kan staa inkun baka' Døre te-rei'e aa gjeva deg ein skamma Styng!» Da han Hans foor gjønom Døra-Gape saag han, de skjimta paa ein Kar i Glotte millom Dør'n og Veggje og dime klemde han Døre att-paa Veggen, saa Kar'n seig i Ovet ne-me Veggje. Med Døra-Kle'ningen i Haann gjekk han utu Garde, men ingen bou te aa gaa paa han eller setja ette 'om og me di la han paa Heim-vegen -- i Gjestbo'e va de ikje verande lenger, de saag han, men han ha da vore me lell.
Og heim-i Bygde kom han heilskjinna att me di vetle Skreppun, som han ikje ha havt 'taa Ryggje paa heile Ferd'n. Detta tykte Alle va de gjildaste Varpe han Stor-Hans gjorde.
xxxStor-Heringsta'n va ikje naagaa Illgjerdsmenneskje, men einn Gong kom han te aa støkkje Live aat ein Valders. Han ha skote ein stor Bukk på Valdersfly'n, og da han bar te aa flaa han, kom de faaraande ein Valders som vilde kjenne se «Løt», tok upp Tollkniven og vilde gjeva se me aa flaa. De maatte ha vore ein Tosk, som ikje kjennde han Hans, for han va saa stri, at han ga se ikje me di han Hans sa 'om me einn Gong at han ikje fekk nugun Løt hjaa honom. «Ja, spretta du ein Finger for aa taakaa di Hann i Bukken, ska eg leggje deg paa jemte ve han!» sa Heringsta'n.
xxxMen Valdersen va saa traa, at han rouk i eine Bakfoten og vilde te aa sprette upp. Nei, da beit Sinne han Hans, saa han styrde se ikje lenger. Han greip Kar'n, ha han høgt upp-ivi se og la han te aat harde Fjelle saa han laag bevra som ein Fisk og Live gjekk utu me di saamaa. «Eg tok baade Kar'n og Børsa hans og sette ne-i ein Holbekk, og der staar døm den Dag idag!» sa han Hans naar han paa sine siste Daagaa taalaa um detta. Han dølde ikje for di i siste Aarom han livde, men han greet naar han fortalde de.
| Neste | Førre | Fyrstesida |
|
|
|