*** Møte i arkeologigruppa ***
Klikk her for MEDLEMSLISTE


  Møte den 11.april 2011   

  Møte den 27.april 2010   


  Den 25. mars 2009 blei det avholdt møte i arkeologigruppa i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Helge Frikstad, Ola K. Randen, Kåre Holshagen, Odd Steinar Larsen og Sverre Svindland.

Det blei ei stutt orientering om saker som hovedforeninga jobber med. Opplegget for sommersesongen blei drøfta og her kjem det ei liste med aktuelle turer:

Gudbrandsdal Historielag:
-Lørdag 25. april 2009 er det planlagt tur for å sjå på funn som er gjort i samband med undersøkinger av ny E6 i Midtdalen. Frammøte på Hundorp. Arkeologer blir med. Meir informasjon seinare; Sjå oppdatering på heimesida.
-Lørdag 6. juni 2009: Tur til Dalsida på Lesja for å sjå på funn som er gjort i Aursjøbassenget.
Arkeologer blir med. Meir informasjon på heimesida.

Andre turer:
-Dugnadstur til kvernsteinsberget i Sjolia ein eller anna gong fyrst på sommaren. Svein Lien og Hans Vineshaugen blir med.
-Svarthøa/Gråhøa: Tur for å registrere reinsgraver med meir. Kjentmann: Per-Arvid Bragelien.
-Refjellet: Kåre Holshagen legg opp turen. Registrering av elggraver, reinsgraver, kolgroper med meir.
-Bergdøldalen: Tur for å leite etter bortkomen minnestein. Skal og sjå på ei gamal steinbu. Kjentmann: Johnny Byrbotten. Om lag 1. juni. Her blir det viktig at mange stiller opp!
-Høgsetra: Ola K. Randen legg opp til ein kveldstur her.

Andre aktuelle turer/oppgåver:
Det blei prata om ei vassveit i området ved Jelkedalen ved Gråhøa som var anlagt til bruk som kvernvatn. Denne skulle vore registrert og innmålt. Det kan vera aktuelt med ein kveldstur til dette området.
Det er òg ei gamal vassveit ved Espesetra som skulle vore registrert.

Geitfjellbryne: Det vart prata om at ein skulle fått sett lite meire på dette og prøve å finne ut kor brota er. Det er vel snart ikkje att folk som veit dette. Ola K. undersøker dette.

Ellers blei det som vanleg mange gode historier over kaffikoppen!

Ref: Sverre



Onsdag 5. mars 2008 blei det avholdt møte i arkeologigruppa på Weistad.
Tilstades: Helge Frikstad, Odd Larsen, Kåre Holshagen, Jon Ivar Tofte, Jostein Espelund, Tor Einbu og Sverre Svindland.

Bygdeborga/fangstanlegget på Kleivom blei drøfta. Ein har nå funne fram til ein god del skriftlege utgreiinger om anlegget. Det var semje om å arbeide vidare med dette og prøve å få til ein skriftleg rapport om anlegget. Alle tilstades i dag er interessert i å vera med på dette. Vi tek sikte på ei ny synfaring så snart det er farbart til våren. Ansvarlege for innkalling er Odd Larsen og Jostein Espelund.

Kvernsteinbrotet i Sjolia
Det var interesse for å få gjort noko med dette anlegget. Her blir det og synfaring ein gong til sumaren. Det blei opplyst at det er hogge ut kvernstein fleire plassar i baksida heilt sør til Kvennbrua. Det skal og vera hogge ut stein langs Sjoa ved Søre Ekre. Mykje av dette er øydelagt av vegarbeid, men det skal såvidt vera att rester.
Vi har avtale med ein geolog frå NGU som skal vera med oss ein tur her. Sverre får ansvaret for innkalling.

Tur til Puttom
Helge Frikstad og Ola K. Randen planlegg og organiserer tur til Puttom for interesserte.

Tur til Murudalen/Refjellet
Kåre Holshagen legg opp til tur til Murudalen/Refjellet på lysaste sumaren.

Gamal fangstredskap
Jostein fortalte om oppdraget med å kopiere gamle piler som er funne i fjellet dei siste åra. Desse skal brukast på ei utstilling som starter i Lillehammer. Det kan vera aktuelt for gruppa å ta ein bytur for å sjå på utstillinga og høyre på foredrag. Jostein undersøker dette og tek ansvaret for å varsle dei andre i gruppa.

Ny tur til Slådalen
Tor ordner med ny tur til fangstanlegget i Slådalen til sumaren då det kun var med ein person frå gruppa på turen i fjor.

Jernblestringskurs
Jostein opplyste at det skal vera jernblestringskurs på Valbjør til våren. Dette går over ei helg.

Det var semje om at ein kunne legga ut medlemslista til arkeologigruppa på heimesida.

Registrering av nedlagte plasser
Heidal Heimbygdslag dreiv ei omfattande registrering på 1980-talet(?) av nedlagte plasser samt registrering av stadnamn. Desse registreringane skulle vi hatt fatt i. Dersom det er nokon som veit noko om dette er det fint om dei tek kontakt med oss.

Ellers var det interesse for å lage ei oversikt over lokalhistoriske bøker frå Heidal.

Ellers var vi innom mange markante heidøler frå gamal tid. Det er mange som skulle ha vore omskrive. For dei som veit noko er det bare å "ta pennen fatt", ta gjerne kontakt med oss om dette.

Jostein fortalte at det var planlagt tur med skuleelever for å sjå på fornminner i området ved Heidal Håndverkstun.

Ref.: Sverre S.


REFERAT FRÅ MØTET I ARKEOLOGIGRUPPA
ONSDAG DEN 11. APRIL 2007 KL. 1900
PÅ WEISTAD

Tilstades: Kåre Holshagen, Magnus Jacobsen, Ola K. Randen, Kai Valbjør, Helge Frikstad, John Steine, Leif Løchen, Sverre Nybø og Sverre Svindland.

Det blei eit interessant, uformelt møte der alle hadde innspel og opplysninger å koma med.

xxDet blei bestemt at ein i fyrste omgang skal prøva ei arbeidsform utan noko spesielt styre. Arbeidet i gruppa vil bli fordelt mellom dei einskilde medlemmene, det kan og bli aktuelt å dela arbeidet inn etter interesseområde eller geografisk oppdeling. Dette får ein koma attende til etter kvart som ein vinn røynsle.

Det blei og bestemt at i fyrste omgang skal ein satse på nokre fellesturar til spesielle områder eller til enkeltobjekt.

- Tor Einbu har pr. tlf. informert om interessante markdagar på Lesja i byrjinga av august. Ein dag er avsett til arkeologi, og då for det meste om Aursjø-funna. Det blir orientering frå arkeolog.

Det kan og vera aktuelt med ei synfaring på anlegget "Verket" på Slådalsfjellet. Dette var det interesse for på møtet og vi reknar med at Tor Einbu orienterer nærare om dette og tek seg av organisering/innkalling til desse dagane.

- Helge Frikstad og Ola K. Randen får i oppdrag å organisera ein eftastur til stupfangstanlegget på Kleivom. Dette kan gjennomførast i mai.

- Vi tek og sikte på ein markkveld i Moum her i løpet av mai for å gå gjennom registreringsrutiner for kulturminner og innmåling med GPS. Sverre Svindland ordner med innkalling til dette.

- Det er og ynskjeleg med ein tur til Kviknegråhø for å sjå på det spesielle fangstanlegget her. Går ut frå at Ståle Rønningen kan vera kjentmann på denne turen. Dette kan godt vera ein gong i juli/august.

- Kai Valbjør vil prøve å organisera ein eftastur til Randsverk eller Nordherad for å sjå på enkelte kulturminner. Har Vågå kommune arkeolog ansett endå? Kunne vel kan hende dra veksel på han.

- Magnus Jacobsen bearbeider Espen Finstad med omsyn til å bruke ein dag på synfaring saman med gruppa til sumaren.

Det kan jo ellers dukke opp interessante turforslag etter kvart og då er det opp til den einskilde å organisera fellestur. Det kan og vera mogeleg å prøva å trekka inn hjelp frå arkeolog John Olsen i Lesja kommune.

Det blei bestemt at ein person i gruppa skal samle alle opplysninger/tips som gruppa kjem over. Det er viktig at medlemmene rapporterer til denne personen. Dette for å få ei samla oversikt. Desse opplysningene høyrer til gruppa i fellesskap.

Vidare blei bestemt at førebels skal Sverre Svindland ta seg av dette. Det er nå viktig at alle set seg ned og noterer ned det dei veit; innmåling og registrering kan koma seinare.

(For det meste skrive ned etter minne. Atterhald om feil.)

Sverre S.


cheap jordan shoes louis vuitton outlet michael kors outlet cheap air jordans cheap jordan shoes louis vuitton outlet sport blue 3s michael kors outlet Louis Vuitton Outlet beats by dre outlet kate spade handbags cheap jordans beats by dre cheap sport blue 6s sport blue 6s retro jordans for sale history of jordan 6s history of jordan 6s michael kors outlet michael kors outlet jordan shoes Louis Vuitton Outlet history of jordan 6s jordan 6 sport blue michael kors outlet sport blue 6s louis vuitton outlet sport blue 3s kate spade outlet cheap jordans beats by dre cheap coach outlet online cheap jordans jordan 3 sport blue louis vuitton outlet Louis Vuitton Outlet louis vuitton outlet foamposites for sale jordan 6 sport blue lululemon sale