MØTE I ARKEOLOGIGRUPPA
-
Den 27. april 2010 blei det avholdt møte i arkeologigruppa i Heidal Historielag på Weistad. Tilstades: Helge Frikstad, Odd Steinar Larsen og Sverre Svindland. Diverre var det mange det ikkje passa for.

Opplegget for sommersesongen blei drøfta, og her kjem det ei liste med aktuelle turer:

Gudbrandsdal historielag:
Som ifjor vil historielaget også i år arrangere turer/synfaringer til aktuelle prosjekt i dalen. Dette programmet er endå ikkje fastlagt, men det vil bli annonsert på heimesida i god tid.

Andre turer:

  Kvernbru - Valborg Eckblad blir kjentmann på ein tur i gamle måsåfar på Kvernbrua. Tidspunkt blir kunngjort seinare.

  Refjellet/Nysetra - Turen ifjor blei ikkje noko av. Kåre Holshagen vil prøve att nå i år. Registrering av elggraver, reinsgraver, kolgroper med meir.

  Randsverk - Vi satser på at Kai Valbjør vil vise oss rundt på aktuelle lokaliteter her ei kveldsstund.

 Espesetra -  Helge Frikstad blir kjentmann på ein tur i desse traktene for å sjå på jernframstillingsplassar og anna.

 Jelkedalen - Dersom det blir mogeleg å få med oss ein lokalkjent guide, kan det bli ein lang kveldstur hit for å sjå på diverse lokaliteter, m.a. ei vassveit. Helge Frikstad undersøker med kjentmann.

Andre aktuelle turer/oppgåver:

I samband med det pågåande prosjektet med kvernsteinsbrota i Sjolia er det kome fram ynskje om å registrere så mange lause kvernsteiner i bygda som mogeleg. Me veit at det ligg eindel slike rundt om i bygda. Dette er eit opplegg som blir utarbeid i samråd med NGU og geologer der som er eksperter på kvernstein.

Dersom det er nokon som veit om slike er det fint om de seier ifrå til oss.

Som vanleg vil det dukke opp andre aktuelle turmål i løpet av sommaren. Eindel av turane vil bli annonsert på heimesida og ellers blir varslinga internt innan arkeologigruppa.

Ref: Sverre

Fleire i arkeologigruppa var diverre hindra frå å møte denne kvelden. Men møtte gjorde f.v.: Helge Frikstad, Sverre Svindland og Odd Steinar Larsen.

STYREMØTE 24.03.10
Trykking av bureisarhistoria, foto- og filmgruppe

STYREMØTE 10.03.10
Konstituering, garanti til trykking av årsskrift m.m.

ÅRSMØTET for 2009
-
med referat, årsmelding og revidert reknskap

STYREMØTE 23.02.10
-
med førebuingar til årsmøtet etc.

STYREMØTE 25.01.10
- drøfta økonomi, årsmøtet, foto- og filmgruppe

TIDLEGARE MØTER
- frå 2009 og attende til skipingsdatoen 23.08.2005


cheap jordans Louis Vuitton Outlet history of jordan 6s cheap air jordan shoes louis vuitton outlet cheap jordan shoes cheap jordans michael kors outlet louis vuitton outlet sport blue 3s louis vuitton outlet coach outlet online beats by dre outlet kate spade outlet jordan 6 sport blue retro jordans for sale legend blue 11s jordan 6 history of Jordan jordan 3 sport blue louis vuitton outlet louis vuitton outlet louis vuitton outlet cheap louis vuitton jordan 6 sport blue kate spade outlet michael kors outlet jordan 3 sport blue jordan 3 sport blue history of jordan 6s louis vuitton outlet foamposites black suede cheap jordan shoes lululemon outlet cheap jordans foamposites for sale beats by dre cheap louis vuitton outlet louis vuitton outlet beats by dre cheap foamposites for sale