|
Møter år 2009 og tidlegare:
STYREMØTE
Måndag 30. november 2009 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i kyrkjestugu.
Tilstades: Pål Prestgard, Jan Johansen, Ståle Rønningen og Sverre Svindland. Guri Brobakken hadde forfall.
Avtale om DVD med gamle smalfilmminner
Det har kome forslag frå Sel Historielag om medverknad til å gje ut ein dobbelt DVD med gamle smalfilmminner frå Sel og Heidal. Sel Historielag ga ut ein tilsvarande DVD før jul i fjor med innslag frå Sel og Otta. Denne vart godt motteke, og vi er invitert til å vera med på produksjonen nå i år.
Det er Tor Alvheim frå Otta som står for produksjonen, og det har vore eit sams møte med representantar frå Sel Historielag, Heidal Historielag og Tor Alvheim. Det er utarbeid forslag om produksjonen og kostnadsfordelinga. Denne er underteikna av Tor Alvheim og er datert Otta 21.11.2009.
Produktet er ein dobbelt DVD med innslag frå Sel og Heidal. Lengda på filmen er omlag 2 timar.
Prisen i sal er kr. 250 og det er meininga at produktet skal vera i sal før jul.
For dette skal Heidal Historielag betale kr. 10.000,- pluss eit salær på kr. 125,- pr. seld dobbelt CD.
Historielaga skal stå for distribusjon og sal
Heidal Historielag ser positivt på dette og seier ja takk til å vera med på prosjektet slik det er skissert her. På sikt kan det hende bli fleire produksjonar. Det er sikkert ein god del filmmateriale rundt omkring i bygda.
Ståle blir Heidal Historielag sin kontaktperson i samarbeidet.
Gards- og slektshistorie for Heidal
Pål la fram forslag til kontrakt i 7 punkt mellom bygdebok-komitèen i Heidal Historielag og Arnfinn Engen om produksjon og kostnader med prosjektet. Kontrakta er datert 17.11.2009 og skal underteiknast av Pål Prestgard for Heidal Historielag i tillegg til Arnfinn Engen (forfattar)og Steinar Løsnesløkken (leiar av bygdebokkomitèen).
Kontrakta går i hovudsak ut på at Arnfinn Engen skal skrive boka og betale utgiftene med trykking av 1000 bøker. Som betaling skal Engen ha inntektene av salet av dei fyrste 800 bøkene.
Inntektene av ytterlegare sal skal delast mellom Arnfinn Engen og Heidal Historielag. Bygdebokkomitèen skal bistå forfattaren. Med i komitèen er Steinar Løsnesløkken, Pål Prestgard, Kai Mikael Kveum og Ola K. Randen. Planen er at boka skal vera klar til sal august 2011.
Styret i Heidal Historielag godkjenner kontrakta, og Pål Prestgard kan underteikne denne på vegne av styret.
Heidal Historielag vil rose initativet og ynskje forfattar og bokkomitè lukke til. I tillegg vil vi takke Kai Mikael Kveum og Jørgen Espelund for bruk at materialet deira.
Vi vonar at bygdefolk og andre vil støtte opp om prosjektet og koma med opplysninger og bilder som kan brukast i boka.
Bureisarhistoria
Pål gjorde greie for arbeidet her. Planen er å avslutte arbeidet til våren og at boka kan vera klar til sal under ope helg 2010.
Foto- og filmgruppe
Styret drøfta oppretting av ei slik gruppe under historielaget. Vi vil prøve å få dette til når det lir over jul.
Møtet slutt kl. 2030.
STYREMØTE
Den 3. november 2009 kl. 1830 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Kyrkjestugu. Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Jan Johansen, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
Lagring av sakene etter Jo Gjende
Jan har ordna med plass til dette i brannsafen på Heidals-hallen. Må få tak i ei egna kasse som laget kan ha her permanent. Det kan og bli aktuelt å søke om rom her til lagring av arkivet til historielaget. Det kan etterkvart bli ein god del bøker som treng plass.
Økonomi
Ståle gjorde greie for stoa. Det er nå omlag kr. 10.000,- på bok. Dette kan koma vel med når vi skal til med trykking av bøker neste år.
Årsskriftkomiteen
Komiteen har sendt oss eit utkast til mandat:
"Årsskriftkomiteen er ei undergruppe som styrer seg sjølve etter økonomiske og faglege rammer gjevne av Heidal Historielag.
Årsskriftkomiteen legg fram årleg budsjett som må godkjennast av Heidal Historielag. Når det gjeld det faglege vil dette være ei vidareføring av intensjonane som ligg i vedtektene for Heidal Historielag, sitat: "Fremja interesse for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som er av verdi for Heidal si historie og som kan fortelja om folk sine levekår gjennom tidene”.
Komiteen skal gjennom eit årsskrift famne ei variert lesargruppe. Dette kan til dømes være bygdefolk, hyttefolk, uflytta heidøler eller folk med anna tilknytning til bygda. Det kan og være dei som har spesiell interesse for eit tema eller Heidal si historie generelt.
Årskriftet skal dekkje Heidal breidt i tid, så vel som tematisk og geografisk. Tyngda på dei ulike delane vil naturleg nok variere frå år til år. Tidsmessig skal ein prøve å dekke Heidal i historisk tid. Med tematisk breidde meiner ein til dømes kulturliv, organisasjonshistorie, personbiografiar, jord og skogbrukshistorie osb. Med geografisk meiner ein at det skal væra ei viss balanse med stoff frå dei ulike bygdelaga."
Styret har ingen innvendinger til mandatet og godkjenner dette.
Friluftsteatergruppa
Jan gjorde greie for arbeidet med Amerikabrevet så langt. Mykje av forarbeidet er nå gjort, og gruppa tek sikte på gjennomføring i juni 2010. Gruppa vil legge fram opplegg og budsjett for styret seinare.
Temakvelden
Denne blei fastsett til tysdag den 17. november 2009 på Weistad. Temaet er «Gards- og slektshistorie for Heidal».
Dette er eit aktuelt prosjekt for historielaget i samarbeid med Arnfinn Engen. Engen vil delta på møtet og forklare om opplegget.
Steinar Løsnesløkken vil vise aktuelle internettadresser til hjelp for dei som driv med slektsgransking.
Møtet slutt kl. 2000
Det var Kari Mosebakken som stod for overrekkinga av ei svært verdfull gåve frå Sanitetsforeninga, nemleg ting etter sjølvaste Jo Gjende.
STYREMØTE
Onsdag 14. oktober 2009 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag i kyrkjestugu.
Tilstades: Pål Prestgard, Jan Johansen og Sverre Svindland.
Innspel om eigedomsskatten
Det har kome førespurdnad frå ein einskildperson om å stytte tanken om å legge press på Sel kommune for å få dei til å avstå frå eigedomsskatt når det gjeld antikvariske/verne-verdige bygninger. Så vidt vi veit er det gjort unntak for alle freda bygninger. Rundt om i kommunen er det hopetal med verneverdige bygninger. Tanken om å unnta desse for eigedomsskatt kan nok ha noko for seg, men det blir vel ei håplaus oppgåve å avgjere kva for bygninger som bør bli med i denne kategorien. Sekretæren sender svarskriv til vedkomande.
Medlemmer
Sidan forrige møte har 2 personer til meldt seg inn i laget som nå har totalt 49 medlemmer.
Årsmøte i Gudbrandsdal Historielag 29. august 09
Pål og Jan gjorde greie for omvisninga i kyrkja og sjølve årsmøtet på sygard.
Turer/aktiviteter
Sidan forrige møte har arkeologigruppa gjennomført ein kveldstur på Høgsetra med Ola K. Randen som kjentmann. Det har og vore ein sundagstur til Svarthøa/Gråhøa med Per Arvid Bragelien som kjentmann. Diverre var oppslutninga heller dårleg.
Bureisermonomentet
Det har kome førespurdnad frå Svein Sæter om historielaget kunne oppnevne/velge ein person som kunne ta del i eit styre for bureisarmonomentet. Dette blei drøfta og fleire personar kan vera aktuelle. Pål tek seg av dette og underretter Svein Sæter om utfallet.
Kvernsteinsberget i Sjolia
Sverre gjorde greie for arbeidet med ryddinga her oppe og om turen som blei arrangert hit under ope helg.
Ope møte
Vi vil prøve å få til eit ope møte nå i midten av november. Tema er ikkje spikra men Pål undersøker med aktuell foredragsholder. Dette vil bli kunngjort seinare.
Gåve til Heidal Historielag
På tampen av møtet dukka Kari Mosebakken opp med ei stor gåve frå Heidal Sanitetsforening til Heidal Historielag. Dette er saker etter Jo Gjende, og samlinga innheld dei fyrste skoa som han brukte, 3 luver, m.a. dåpsluva hans og eit linde. Dette siste vart brukt til å feste ungen til ryggen på barnepassaren. Desse gåvene er vi svært takksame for. Sakene vil vi ta vare på på ein trygg og sikker måte. Det blir nok høve til å vise dei fram for eit større publikum seinare. Dette er saker som sanitetsforeninga arva etter Anne Marie Dypdalen, ho var visstnok i slekt med Jo Gjende.
Møtet slutt kl. 2130
Kasserar Ståle Rønningen med lagets nye videokamera som skal brukast til intervju med ymse ressurspersonar i bygda.
STYREMØTE
Tysdag 11. august 2009 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken og Sverre Svindland. Jan Johansen er borte på ferie.
Videoutstyr
Ståle hadde med nytt videoutstyr som Odd Steinar Larsen og Arne Jan Randen har skaffa til veie. Vi veit ikkje endå kor mykje vi lyt betale for dette. Utstyret er tenkt brukt av intervjugruppa. Gruppa har enda ikkje kome skikkeleg i gong med arbeidet, jfr. utskrift av styremøte den 26. mai nå i år. Etter tlf. samtale med Arne Andor Randen blei det vedteke at utstyret blir overlevert han og at han får i oppgåve å dra gruppa i gong.
Medlemmer
Ståle opplyste at siste opptelling viser at laget nå har 47 medlemmer.
Økonomi
Økonomien i laget har vorte mykje betre nå i år. Vi har fått kr. 3.000,- i driftstilskot frå kommunen, har teke inn
kr. 2.000,- på annonse på heimesida og fått omlag
kr. 1.000,- frå Norsk Tipping i grasrotandel. Det at vi har fått fleire medlemmer er og med på å betre økonomien, og laget har nå over kr. 10.000,- på konto.
Ope Helg
Heidal Historielag står som medarrangør av Steinsrud-utstillinga saman med Heidal husflidslag. Det er Per Prestgard som har ordna dette for historielaget. Vi tek sikte på å lage ein ministand for historielaget. Vakta her vil og samstundes fungere som vakt for Steinsrudutstillinga. Pål og Sverre kan stille som vakt. Vi tek sikte på å presentere laget og innbyr til medlemsverving. Den nye boka til Pål samt boka av Gudmund Harildstad om Kristian Prestgard vil bli lagt ut for sal. Likeeins vil ein prøve å selje gamle nummer av
«I Heidale».
Tur til Kvernsteinsberget
Sundag den 16. august blir det tur til Kvernsteinsberget i Sjolia med Hans Vineshaugen og Svein Lien som kjentmenn.
Årsmøte i Gudbrandsdal Historielag 29. august 09
Pål og Jan stiller som omvisere i kyrkjene og tek del i årsmøtet etterpå.
Turer/aktiviteter
Ein del av dei turene som var avtala i arkeologigruppa ser ikkje ut til å bli gjennomført nå i år. Dette er uheldig, kan hende er det det ustabile veret me har hatt som er årsak til dette?
Slekts- og gardshistorie
Pål gjorde greie for arbeidet her. Dei har nå hatt 2 møter med Arnfinn Engen som har sagt seg viljug til å skrive. Kai Mikal Kveum vil bidra med alt materiale sitt frå Heidal. Ellers er Steinar Løsnesløkken, Einar Holen og Pål Prestgard med i komiteen.
Dette arbeidet er tenkt skal munne ut i bokform, og det er naturleg at historielaget står som utgjevar.
Bureiserhistoria
Denne boka vil venteleg bli klar for sal til Ope Helg neste år.
Ellers blei det som vanleg mykje prat om ymse tema og gode historier!
Møtet slutt kl. 2100.
Historielagets styre. Fremst: Guri Brobakken og Jan Johansen.
Bak: Ståle Rønningen, Pål Prestgard og Sverre Svindland.
STYREMØTE
Tysdag 26. mai 2009 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad. Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken, Jan Johansen og Sverre Svindland.
Årsskriftkomiteen
Sidan forrige møte, der det ble oppretta ein årsskriftkomite, har eit av medlemma i komiteen trekt seg. Styret vil arbeide for å få oppnevnt eit nytt medlem til erstatning.
Medlemsverving
Det har kome forslag om ein dør-til-dør-aksjon for å skaffe nye medlemmer. Dette vil ikkje styret legge opp til, men vi vil oppfordre alle medlemmer om å reklamere for laget og prøve å få fleire som er interessert i lokalhistorie til å melde seg inn. Det ser nå ut som det totalt er 42 medlemmer i laget.
Intervjugruppa
Gruppa har vore lite aktiv i det siste, så for å prøve å få større aktivitet i gruppa har det vorte innkalla 4 interesserte personer til møtet idag. Av desse møtte 3 stk. Desse var:
Sverre Nybø
Arne Andor Randen
Odd Steinar Larsen
Kåre Holshagen var forhindra frå å møte, men han har sagt seg viljug til å vera med.
Sverre Nybø redegjorde for det arbeidet som har vore gjort tidlegare med dette og kva som er viktig å legge vekt på ved slikt arbeid. Aktuelle personer å intervjue blei drøfta.
Odd Steinar Larsen fortalte om arbeidet han og Arne Jan Randen har gjort med å prøve å skaffe sponsormidler til gruppa. Det ser nå ut som vi kan få eindel opptaksutstyr av ein lokal leverandør og med eige utstyr står gruppa friare i arbeidet.
Alle dei 3 personane som møtte var viljuge til å gå inn i gruppa og vidareføre det arbeidet som er påbyrja.
Gruppa knytter til seg andre personer ettersom det skulle bli bruk for. Gruppa organiserer seg slik dei sjølve finn best.
Intervjugruppa er hermed reorganisert med dei 4 nemde personane. Sverre Nybø får i oppdrag å kalle inn til fyrste møte i gruppa, venteleg i slutten av neste månad.
Møtet slutt kl. 2100
STYREMØTE
Den 19. mai 2009 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Guri Brobakken, Jan Johansen, Ståle Rønningen og Sverre Svindland.
Ope helg
Det var semje om å prøve å få til ein tur til kvernsteins-berget i Sjolia. Sverre avtaler med arrangementskomiteen om tidspunkt. Hans Vineshaugen og Svein Lien har sagt seg viljuge til å vera med som kjentmenn.
Bureisarprosjektet
Pål gjorde greie for arbeidet så langt. Dersom det er mogeleg tek ein sikte på å få boka ut i salg til jul.
Friluftsteateret
Jan redegjorde for stoda så langt. Det neste på programmet er eit møte i juni for å sjå på aktuelle utelokaliteter.
Gards-og slektshistorie
Arbeidet med førebuing av opplegget held fram.
Kvernsteinsberget i Sjolia
Ryddeaksjonen her blei drøfta. Ein må prøve å få til ein dugnad her fyrst i juni.
Reklame på heimesida
Ståle redegjorde for arbeidet. Arne Randen har gjort eit godt arbeid med opplegget. Det er nå selt reklameplass for
kr. 2.000,-. Potensialet er kr. 4.500,-. Ståle og Jan arbeider vidare med dette.
Årsskriftkomite
4 interesserte personer var innkalt til møtet. Det vart drøfta aktuelle framgangsmåter for arbeidet med eit årsskrift. Ein såg på ein del årsskrifter som andre lag gjev ut. Økonomi og kostnader vart lufta. Det vart semje om å opprette ein årsskriftkomite med 4 medlemmer som får i oppgåve å arbeide for å gje ut eit årsskrift med stoff frå/om Heidal. Komiteen blir organisert som ei undergruppe under historielaget. Gruppa organiserer seg sjølve.
Komiteen rapporterer attende til styret om framgangen i arbeidet. Økonomi/budsjett o.a. blir drøfta med styret seinare.
Det vart etterkvart stor optimisme for opplegget, og det er nå om å gjere at alle som kan, bidreg med stoff til årsskriftet.
Møtet slutt kl. 21.10
STYREMØTE
Den 30. mars 2009 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Jan Johansen og Sverre Svindland. Guri Brobakken møtte ikkje.
Sidan årsmøtet har det meldt seg inn 3 nye medlemmer i laget så nå er medlemstalet oppe i 40.
Intervjugruppa
Gruppa har ikkje vore spesielt aktiv i det siste, og ein lyt prøve å dra denne i gong att.
Kåre Holshagen og Arne Andor Randen har sagt seg viljuge til å vera med Sverre Nybø på dette arbeidet. I tillegg lyt ein prøve å få med ein eller to personer til.
Historielaget lyt stille midler for innkjøp av videokamera m.m.
Økonomi
Dei siste åra har det vore underskot i laget; nå i 2008 var dette på omlag kr. 2.500,-. Det vart nemd måter å få inn meir penger på:
¤ Grasrotandelen i Norsk Tipping kan gje litt sjilling.
¤ Reklameinntekter på heimesida.
¤ Rydding av kulturminne (Kvernsteinsberget i Sjolia)
¤ Verving av fleire medlemmer
Nå som aktiviteten i laget blir større blir det bruk for meir penger.
Bureisarprosjektet
Dette prosjektet blir venteleg avslutta nå i år. Trykking i bokform i 1000 eksemplar vil nok koste omlag kr. 55.000,-. Ein vil søke kommunen om tilskott til dette. Historielaget lyt nok ut på lånemarkedet for å få dette til.
Gards- og slektshistorie
Det har vore drøfta ei tid om dette lar seg gjere. Arnfinn Engen har sagt seg viljug til å vera med å skrive. Ellers er Steinar Løsnesløkken, Pål Prestgard og Einar Holen med i drøftinga om dette. Det er ikkje teke noko standpunkt til prosjektet endå.
Årsskriftkomite
Det var semje om å prøve å få etablert ei gruppe som kan ta seg av dette. Førebels har vi ein kandidat til gruppa. Det vart tenkt på fleire personar som kan vera aktuelle, og Sverre får i oppgåve å spørje desse.
Gåve til historielaget
Vi har vorte kontakta av Gudmund Harildstad frå universitetet i Oslo. Han var med å gje ut ei bok om Kristian Prestgard i 1996: «Fra Heidal til Decorah». Han tilbyr nå Heidal Historielag deler av restopplaget av denne boka. Dette set styret stor pris på. Sverre får i oppgåve å sende svar attende.
Årsmøte i Gudbrandsdal Historielag
Styret har vedteke at årsmøtet skal holdast på Søre Harildstad i Heidal laurdag den 29. august nå i år. Heidal Historielag kan få lov til å presentere noko frå Heidal som er av historisk interesse.
Det var semje om at vi kunne tilby ei omvisning på kyrkjene våre.
Arkeologigruppa
Sverre gjorde greie for forslaget til program for sommersesongen. Her er det planlagt mange fine turer, og det er og høve for andre enn arkeologigruppa å vera med. Det vil bli lagt ut meir informasjon om dette på heimesida.
Gamle bilder
Styret vil prøve å slå eit slag for å samle inn og digitalisere gamle bilder. Det er ynskjeleg med eit samarbeid med Magne Teigen om dette. Ståle tek dette opp med Magne.
Amerikabrevgruppa
Jan er med i denne gruppa, og han gjorde greie for arbeidet så langt. Det er lagt opp til framsyning av «Det fyrste amerikabrevet i Heidal» i juni 2010. Gruppa er i godt gjenge, og det er stor von om at prosjektet kan bli vellukka.
Møtet slutt kl. 2110.
STYREMØTE
Den 3. mars 2009 kl. 1830 blei det avholdt eit raskt styremøte i Heidal Historielag på Weistad i forkant av årsmøtet.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken, Sverre Svindland og Martha Rindhølen som møter som vararepresentant for Sverre Nybø som er ute på reise.
Reknskapen for 2008 blei godkjent.
Årsmeldinga for 2008 blei godkjent.
Kontingenten i laget: som før kr. 100,- pr. år.
Møtet slutt kl. 1845.
STYREMØTE
Den 2. februar 2009 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Sverre Svindland og Guri Brobakken.
Sverre Nybø var forhindra frå å møte. Ola K. Randen var innkalla og møtte for valnemda.
Val i 2009
Ola K. Randen fekk overlevert oppsett over kva for personer som er på val. Valnemda fekk og utlevert oppdatert medlemsliste. Antal medlemmer i 2008 var 36.
Årsmøte
Tidspunktet og opplegget for årsmøte blei drøfta. Det var semje om at vi prøver å avvikle dette i veke 10, dvs. fyrste veke i mars. Ymse alternativ for underholdning/ tilleggs-program til dei vanlege årsmøtesakene blei drøfta.
Innkalling til årsmøte skal gå til dei einskilde medlema, enten e-post eller vanleg brev. I tillegg vil innkallinga koma på heimesida.
Gamle bilder
Ein vil etter kvart prøve å gjere ein innsats med å få samla gamle bilder frå bygda. Dette er meint som eit supplement til det arbeidet Magne Teigen gjer eller som eit samarbeid mellom han og historielaget.
Møtet slutt kl. 2040.
STYREMØTE
Den 27. januar 2009 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Sverre Nybø og Sverre Svindland. Guri Brobakken møtte ikkje.
Friluftsteater
Per Prestgard var tilstades og la fram ide og skisse til dramatisering av «Det første amerikabrevet» av Kristian Prestgard.
Det var semje om å prøve å få til ei prosjektgruppe organisert under historielaget til å ta seg av opplegget med dette. Det blei blinka ut nokre personer som ein skulle spørja om å ta del i gruppa. Sverre N. ordner med innkalling til fyrste møte i Prestgardshagen.
Årsmøte
Opplegget for komande årsmøte blei drøfta. Ein vil prøve å få ein foredragsholder til årsmøte som kan kåsere om eit aktuelt emne. Framlegg til årsmelding blei utlevert. Det blei ikkje fastsett noko dato for årsmøtet, men det må til eit nytt styremøte før årsmøte, kan hende alt i neste veke.
Grasrotandelen
Ståle redegjorde for dette. Historielaget er nå registrert i «Frivillighetsregisteret» i Brønnøysund, og nå kan dei som tipper gjennom Norsk Tipping sjølve avgjere kva 5 % av innsatsen skal gå til, t.d. Heidal Historielag. Det blir meir informasjon om dette på heimesida.
Dersom me er gode til å profilere historielaget i denne samanhengen kan det bli penger i kassen!
Økonomien
Ståle gjorde greie for den økonomiske stoa. Det viser seg at forbruket er større enn inntektene så her må det gjerast nokre grep etter kvart. I fyrste omgang vil ein arbeide for at fleire medlemmer sluttar seg til laget.
Bureisarprosjektet
Dette går etter planen og venteleg kan prosjektet avsluttast nå dette året.
Som vanleg ellers vart mangt og mykje drøfta utan at det vart sett på papiret!
Møtet slutt kl. 2100.
STYREMØTE
Måndag den 17. november 2008 kl.1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Guri Brobakken, Ståle Rønningen og Sverre Svindland. Sverre Nybø er ute på reise. I tillegg møtte Magne Teigen.
Heidalskalenderen
Det har kome skriv frå ein person på Tretten som har oppdaga ein feil i kalenderen nå i år. Magne Teigen sa seg viljug til å prata med Jørgen Espelund, som har forfatta teksta til bildene om dette. Oppretting blir å ta med i kalenderen for 2010.
Innsamling og arkivering av gamle foto
Magne Teigen gjorde greie for det arbeidet han har lagt ned med gamle foto i regi av fotoklubben.
Dette er eit arbeid som historielaget set høgt.
For tida er fotoklubben lite aktiv, og styret i historielaget foreslo eit samarbeid på dette området med Magne Teigen. Vi ser helst at det blir danna ei undergruppe i historielaget med Magne Teigen som leiar som kan ta seg av dette. På denne måten kan det bli tilført fleire resursser til dette arbeidet, og ein kan få gjort meire.
Det blei ikkje teke noke avgjer i dette nå i kveld.
Kristen Ødegårds fond
Ståle redegjorde for søknaden om midler til videoutstyr til intervjugruppa gjennom fondet.
Kulturarven
Rydding rundt kvennsteinsbrota i Sjolia er meldt inn i aksjonen til Kulturarven «Rydd et kulturminne» for 2009.
Ope møte/hyggekveld på Weistad den 27. november 2008
Opplegget for kvelden blei drøfta og det var semje om at ein skulle sende ut invitasjon om dette til alle husstander i Heidal. Sverre ordner med dette.
Møtet slutt kl. 2100.
STYREMØTE
Den 15. oktober 2008 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad. Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen og Sverre Svindland. Sverre Nybø er på reise,
og Guri Brobakken møtte ikkje.
Årsmøte Gudbrandsdal Historielag
Pål og Sverre S. representerte laget på årsmøtet på Ringebu 31. aug.
Kvernsteinsberget i Sjolia
Sverre S. redegjorde for oppstarten av arbeidet her med dokumentasjon av dei ymse brota. Vi vil prøve å rydde opp i området rundt brota til sommaren etter at det har vore hogge her. Dette vil vi melde inn som eit prosjekt i regi av Norsk kulturarv sin aksjon "Rydd et kulturminne".
Forutan ryddeaksjonen er det også aktuelt å få til ein tur her til sommaren.
Gauklisteinen
Representant frå historielaget har vore med å sett på ein stein som Jørgen Johnsgard fann i Gauklia for mange år sidan. I steinen er det rissa inn diverse teikn. Ein bør legge ut bilder av steinen på heimesida i von om at det er nokon som kan kjenne til denne.
Intervjugruppa
Det kan vera aktuelt å gå til innkjøp av eige videoutstyr til dette bruk. Dette er vel noko ein kan søke om kommunalt tilskott til. Det er og aktuelt å knytte til seg fleire personer til denne gruppa.
Årsskrift
Vi har så smått byrja å drøfta planer om å få til eit årskrift med innhald frå Heidal. Til dette treng vi folk som er viljuge til å stå i spissen for dette og ein god del folk som kan skrive om emner/saker dei er opptekne av.
Gards- og slektshistorie
Det har kome forslag om å få til ei gards- og slektshistorie for Heidal. Dette er førebels bare eit forslag, og det er ikkje gjort noko arbeid eller vedtak om dette endå.
Informasjonsskriv til medlemmene
Heimesida fungerer i stor grad som ei informasjonsavis for laget. Det er ikkje alle som har tilgang til denne så vi vil prøve å lage til eit informasjonsskriv som blir utsendt til alle medlemmene. Sverre S. skriv eit forslag til dette.
Ope møte
Vi tek sikte på å få til eit ope møte i løpet av november, tilsvarande dei vi har hatt før om åra.
Kva for tema som blir teke opp er ikkje spikra, det kjem an på kva kåsør/foredragsholder vi får tak i.
Gamlekyrkja i Heidal
Jostein Espelund meiner at han har fått tak i det gamle spiret som høyrte til kyrkja som brann i 1933. Vi vil prøve å få til ei samankomst om dette med finnaren, Heidal menighetsråd og Heidal Historielag ein gong det høver. Olsok 2009?
Møtet slutt 2020.
STYREMØTE
Den 11. august 2008 kl. 19:00 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad. Eit fulltallig styre møtte.
Vi har fått innkalling til årsmøte i Gudbrandsdal Historielag den 31. august i Ringebu.
Det var semje om at laget bør møte, men det blei ikkje avgjort kven som kan stille.
OPE HELG
Programmet for ope helg i Heidal vart drøfta. Det skal vera kveldsvandring langs den gamle skogbygdsvegen om torsdagskvelden. Pål tek seg av dette for historielaget.
Historielaget er og involvert i arrangementet ved bureisarminnet på Murudalen i samband med ope helg. Sverre N. tek seg av dette for historielaget.
Historielaget har kun fått kr. 10.000,- i stønad frå kommunen til bureisarprosjektet. Det er mogeleg å søke om meir midlar seinare så prosjektet held fram frå hausten av.
VEGNAMN
Sel kommune sitt forslag til vegnamn vart og drøfta i dette møte. Det var semje om Baksida eller Baksidevegen frå Storødegardsbrua til Prestgardsbrua og Sjolia eller Sjolivegen frå Prestgardsbrua. Pål ordner opp med dette.
Sidan sist møte har det meldt seg inn 5 medlemmer i laget.
Forslag til hausttur var drøfta. Likeeins var det drøfta emne til hyggekveld til hausten.
Møtet slutt kl. 20:30.
STYREMØTE
Tysdag den 20. mai 2008 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Sverre Nybø og Sverre Svindland. Guri Brobakken møtte ikkje.
Eige organisasjonsnummer
Historielaget er nå registrert i ”enhetsregisteret” i Brønnøysundregistrene og har fått eige organisasjons-nummer. Organisasjonsnummeret er: 892477752. Organisasjonsnummeret blir mellom anna brukt som identifikasjon ovafor offentlege sektorer og finans-institusjoner.
Namn på vegar
Det har kome forslag til offesielle namn på vegar i kommunen. Dette gjeld stort sett gjennomgåande vegar som riks- og fylkesvegar. Som namn på ”baksidevegen” frå Storødegårdsbrua til Murudalen er foreslege Sjolia.
Dette verker litt rart for oss. Vi vil heller foreslå ”Bakside-vegen” frå Storødegårdsbrua til Prestgardsbrua og så kan vegen døypast Sjolia eller Sjolivegen den resterande delen. Bergdølmovegen er nemnd, men ingen veit kor denne er. Pål ser innom i kommunen og tek ein prat med rette person om dette.
Medlemstalet aukar
Ny medlemsliste viser at det nå er 31 personer med i historielaget.
Skuffande lågt tilskot
Kari Hølmo Holen såg innom på møtet og ho kunne meddele at historielaget bare har fått kr. 10.000,- i tilskot av kommunen til bureisarprosjektet. Det var søkt kommunen om kr. 40.000,- til dette. Dette er vi skuffa over, Pål tek dette opp med kommunen. Arbeidet med prosjektet går sin gang, men gruppa har nå sommerferie.
"Det fyrste Amerikabrevet"
Det har kome forslag frå Per Prestgard om dramatisering av historia til Kristian Prestgard om ”Det fyrste amerikabrevet i Heidal”. Dette kunne passe ypperleg som innslag i ope helg. Styret seier seg samd i dette og vil hjelpe til det vi kan. For å gjere dette kjent vil vi foreslå å legge fortellinga ut på heimesida og introdusere ideen der. Vi vil ta dette opp med forslagsstillaren før noko meir blir gjort.
Litteraturliste
Styret vil medvirke til at det blir sett i gong arbeid med ei litteraturliste over bøker og artikler som omhandler Heidal. Denne kan då ligge på heimesida, og medlemmer og andre får i oppdrag å ajourføre lista.
Forslag til tur
Det vart drøfta om historielaget også i år skulle arrangere ein tur sundag i samband med ope helg. Vi er redd dette vil kollidere med andre arrangement på sundag og vil heller prøve å få til ei kveldsvandring fredags kveld. Kan hende ein tur etter den gamle skogbygdsvegen. Pål tek kontakt med Einar Holen om han kan vera kjentmann på turen.
Årsbøker?
Det vart prata om at på sikt bør historielaget prøve å gje ut årbøker/skrifter på line med dei andre historielaga i distriktet. Det er derfor om å gjere å få folk til å skrive artikler om ting eller hendinger og lignande frå Heidal som kan egne seg til dette.
Det vart og drøfta om laget skulle arrangere ein eigen tur nå i sommer. Det var mest stemning for at ein kunne vente til i byrjinga av september med dette. Kan hende ein tur til Krukhaugsetra og traktene omkring der.
Møtet slutt 21:30.
STYREMØTE
Onsdag den 26. mars 2008 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Ståle Rønningen, Pål Prestgard, Sverre Svindland og Odd Vang som varamann for Sverre Nybø som er ute på reise. Guri Brobakken møtte ikkje.
Det har kome skriv frå Kåre B. Hansen om namn han har funne på kartet som etter hans meining er feil. Styret gjekk gjennom lista og er i det meste samd med Hansen i forslaget til stavemåten. Lista er ikkje uttømmande, det er og feil på kartet på andre områder. Ståle/Pål sender attendemelding om dette til Hansen og eventuelt Statens Kartverk.
Innrapportering til landslaget for lokalhistorie
Vi gjekk gjennom rapporten, og Ståle ordner med innsending av denne. Det er til nå 29 personer som har betalt kontingenten for 2008.
Søknad til kommunen om driftsstønad
Søknadsskjema blei gjennomgått og Ståle sørger for innlevering innan fristen som er 1. april.
Ståle ordner også med søknad om registrering i Brønnøysundregistrene.
Pål har henta post til historielaget hos Einar Holen. Sverre S. går gjennom denne.
Pål hadde med seg fleire samlinger med ”I Heidale”. Det mangler einskilde nummer. Desse må vi prøve å få tak i og planen er å skanne hefta og legge dei ut på heimesida.
Arbeidet i arkeologigruppa og bureiserprosjektet blei drøfta.
Det var semje om å prøve å få til eit ope møte nå på tampen av vinteren, helst før 25. april. Tema er ikkje spikra. Opplegg for turar i sommer blir drøfta seinare.
Møtet slutt om lag kl. 2100.
ÅRSMØTET
- i Heidal Historielag for 2007 blei avholdt på Weistad torsdag den 21. februar 2008 kl. 1900.
Alle frå styret møtte. Totalt var det 26 personer tilstades.
Sverre Nybø leda møtet og ynskte vel møtt.
Årsmøtesaker:
* Innkalling og saksliste: Godkjent.
* Årsmelding: Denne blei opplese og einskilde punkt blei utdjupa, m.a. fortalde Pål Prestgard om det nye bureisar-prosjektet. Godkjent.
* Reknskap: Ståle Rønningen gjekk gjennom dei einskilde postane. Godkjent.
* Val: John Steine og Ola K. Randen møtte for valnemnda og la fram forslag på val på dei to representantane i styret som nå er på val: John Steine som ledar og Ola K. Randen som kasserar.
Det kom forslag frå årsmøtet om å velga att det sitjande styret. Det vil seie at Ståle Rønningen tek attval som kasserar og Guri Brobakken tek attval som styremedlem. Dette gjekk dei to styrerepresentantane med på.
Det blei stemt over forslaga. Valnemda sitt forslag fekk 3 stemmer og årsmøteforslaget fekk 14 stemmer.
Ståle Rønningen blei dermed attvald for 2 år som kasserar og Guri Brobakken blei attvald for 2 år som styremedlem.
Dei 3 varamedlemmane Martha Rindhølen, Britt Rusten og Odd Vang blei alle attvalde for 1 år.
Odd Stebergløkken blei attvald for 3 år i valnemda.
Steinar Løsnesløkken blei attvald som revisor for 2 år.
* Kontingent: Forslag om at denne skal vera som før, kr. 100,- pr. år. Godkjent.
* Innkomne forslag: Ingen forslag innkome.
Det blei kommentert at namnet Bjølstadmo var brukt misvisande i årsmeldinga. Dette blir retta opp.
Arne Jan Randen presenterte heimesida som han har laga for laget. Han gjekk gjennom dei ymse postane i oppsettet og fortalde korleis ein skulle finne fram. Dette vart godt motteke. Som ein liten takk for innsatsen så langt fekk han overrekt blomster frå styret.
Årsmøtet tok kaffipause medan praten gjekk.
Det blei notert ned nokre forslag: Oppretting av eit register over lokalhistoriske bøker som omhandler Heidal. Styret har mange nummer av bladet "I Heidale" til utdeling. Vi manglar 2-3 nummer, og desse vil vi etterlyse på heimesida. Det kan og vera aktuelt å skanne blada og legge dei ut på heimesida.
Heidal Historielag er nå innmeldt i Brønnøysundregistrene.
Etter pausa fortalte Ståle Rønningen om altertavla til Bjølstadkapellet som antakeleg har vorte seld ut av bygda og forsøket med å spore ho opp att.
Marit Rusten spela ein leik på fela om Jo Gjende før han dukka opp i lokalet i Jakob Eide sin person. Jo Gjende fortalte med innleving korleis det var å koma attende til Heidal etter 120 år. Han skildra livet i gamle dagar i Heidal og Sjårdalen og fjella omkring. Han var og inne på alle forandringer som var skjedd, og alle var ikkje berre av det gode. Det blei reint nostalgisk då Guri Brobakken viste fram dei fyrste skoa til Jo Gjende saman med fleire barneluer som skal ha tilhøyrt han.
Marit Rusten avslutta det heile med ein liten konsert på fela si.
Møtet slutt kl. 2110.
Torsdag den 21. februar 2008 kl. 1800 blei det avholdt eit stutt styremøte i Heidal Historielag før årsmøtet.
Alle i styret var tilstades.
Ståle la fram reknskapen for 2007. Denne blei godkjent.
Kontingenten i laget: Styret foreslår for årsmøtet at denne blir uendra.
Opplegget for årsmøtet blei gjennomgått.
Ståle fortalte om forsøket med å spore opp den gamle altertavla til Bjølstadkapellet. Det blei vedteke at dette kunne vi informere om på årsmøtet.
Møtet slutt 1845.
STYREMØTE:
Styremøte i Heidal Historielag på Weistad
den 11. februar 2008 kl. 1900.
Tilstades: Guri Brobakken, Sverre Nybø, Ståle Rønningen og Sverre Svindland. Pål Prestgard er ute på reise. Dessutan møtte John Steine frå valnemnda.
Forslag til årsmelding blei lagt fram. Denne blei godkjent med nokre mindre endringar.
Innkalling til årsmøte blei drøfta. Årsmøte er gjort kjent i Gudbrandsdølen/Dagningen med ei lita annonse den 7. februar.
Innkalling vert sendt kvart einskilt medlem i posten. I tillegg skal det lagast flygeblad der alle blir invitert til årsmøtet. Dette blir utdelt til alle husstander i bygda. Sverre N. og Sverre S. ordner med dette. Ein legg også ut informasjon om årsmøtet på heimesida.
Ståle redegjorde for arbeidet med å oppspore den gamle altertavla i Bjølstadkyrkja. Det er mest truleg at denne er seld til England.
Det har kome innkalling til møte frå Sel kommune om kulturminner den 18. februar på Otta. Sverre S. møter her.
Sverre S. redegjorde for arbeidet med å få til ei gruppe som skal sjå på kvernsteinsbrotet i Sjolia til sommaren. Vi har fått lovnad om hjelp til dette frå ein geolog frå NGU. Det kan vera aktuelt å sjå på fleire mindre forekomster av kvernsteinsbrot.
John Steine tek kontakt med Jørgen Espelund og andre for å høyra om dei veit noko om ”hakkemette”.
Reklame/annonseplass på heimesida. Etter årsmøtet vil vi gå ut med å selje reklameplass til bedrifter i Heidal. Prisen bør ligge på min. kr. 200,- pr. år.
Det blei vedteke at det blir eit stutt styremøte før årsmøtet, kl. 1800 same dag, torsdag 21. februar.
Møtet slutt kl. 2100.
STYREMØTE:
Onsdag den 16. januar 2008 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Sverre Nybø, Ståle Rønningen og Sverre Svindland. Guri Brobakken hadde meldt forfall og det vart for kort varsel til innkalling av varamann.
Pål og Sverre N. redegjorde for arbeidet med bureisar-prosjektet så langt. Ola Svaet er førebels sekretær i gruppa. Vil bli avgjort om han kan ta på seg skrivearbeidet i gruppa med det aller fyrste. Med i gruppa: Svein Sletten, Ola Svaet, Pål Prestgard, Sverre Nybø, Guri Brobakken og Odd Vang.
Ståle og Sverre S. fortalte om arbeidet med heimesida og om innsatsen som Arne Jan Randen har lagt ned med denne. Det var semje om at han skulle påskjønast ved eit passande høve. Det er mykje skryt å få for heimesida for dei som har funne fram til den til nå. Det vil snart bli offisiell åpning og ein lyt prøve å gjere den best mogeleg kjent.
Det blei vedteke å legge årsmøte til Weistad, helst 21. februar, men datoen er ikkje heilt spikra endå. Innkalling til årsmøtet skal skje med flygeblad til alle husstander i Heidal.
Ståle høyrer med Arne Jan Randen om han kan møte og redegjere for heimesida. Dette skulle vera eit passande tidspunkt å gjere heimesida kjent. Ellers er det ynskjeleg med kulturelle innslag. Sverre N. og Sverre S. prøver å ordne med dette.
Kvernsteinbrotet i Sjolia
Vi har nå fått kontakt med ein geolog i NGU som har dette som interessefelt og han har sagt seg viljug til å vera med å sjå på dette ein dag eller to i sommer. Dette må vi prøve å få til og ein tek sikte på å sette ned ei gruppe som skal ta seg av dette.
Ståle sender ut krav på medlemskontigenten for 2008.
Det viser seg at det kjem ein del post som skal til historielaget til Holen. Pål tek kontakt med Einar om dette.
Møtet slutt kl. 2110.
Bureisar-historia i Heidal:
_Se NRK-filmen "Den siste bureiser"_.
Møte 2: Referat fra møte 8. januar -08 på Weistad i utvalg oppnevnt av historielaget for å arbeide med samling og presentasjon av bureiserhistoria i Heidal.
Tilstede: Odd Vang, Pål Prestgard, Sverre Nybø, Svein Sletten og Ola Svaet. Forfall: Guri Brobakken.
Det ble foretatt en oppsummering av referatet fra første møte 18. desember -07. Ola Svaet er sekretær også for dette møtet.
Ola Svaet sender presisering til Leif Skomakerstuen på nytt, der det understrekes at oversikten han skulle arbeide med over bruk/ brukere med bureiserstatus skal omfatte hele Heidal. I boka til Olav Moen fra 1988 er det oppgitt at antallet bruk/ brukere med bureiserstatus i Heidal var 64 stk.
Pål Prestgard har henvendt seg til Sel kommune og undersøkt om det er gitt kommunalt tilsagn om tilskott til bureiserhistoria. Slikt tilsagn er ikke gitt, og kommunen vil basere evt. tilskott på en søknad med beskrivelse av prosjektet, samt et kostnadsoverslag.
Organisering og budsjett for arbeidet:
Det er allerede gitt ut en del litteratur om bureisingen i Norge. Bøkene til Olav Randen, Olav Moen og Jørgen Espelund gjennomgås som kilder. Glimt fra disse bøkene er aktuelle å ha med. I tillegg er det mye tallmateriale å hente fra offentlige arkiver og statistikker.
1) Viktig med realistiske skildringer av dagliglivet i tida før og omkring oppstarten av bureisingen. Dette var en tidsepoke da utvandringen til USA og Canada avtok. En generell beskrivelse av situasjonen i Heidal må inn i boka. Hvordan var situasjonen hos husmenn? Hvorfor gikk mange yrkesløse? Hvilke muligheter hadde de?
2) Ordfører og lærer Ivar Dahle står sentralt i tilretteleggingen for bureising i Heidal. Hans innsats må beskrives. Det må utarbeides oversikt over kommunens oppkjøp av jord, utparsellering og fordeling.
3) Skog og dyrkingsarealene som ble kjøpt opp kom fra flere etablerte garder i Heidal. Også Mæringsdalen i Murudalen avstod grunn til bureising. Viktig å få en god oversikt over disse. Jordlova ble rundt 1920 endret, slik at det skulle bli enklere for kommunen å tvangserverve grunn til brukere/ bruk som hadde behov. Det ble trolig ikke nødvendig å benytte denne bestemmelsen i Heidal.
Et eget kapittel om etableringen utbyggingen av brukene med driftsbygning og våningshus, må inn i boka. Opplysninger om dette kan hentes fra jordstyreprotokoller fra Heidal som trolig finnes i fylkesarkivet. Dette var en tid det var mangel på det meste. Spesiell regulering av strøm-forsyning i Murudalen.
Retortanlegget på Leirflaten forsøkes tatt inn under eget kapittel i boka på grunn av dets betydning for syssel-settingen. Anlegget var i drift fra 1943 til 1959 da det brant ned - og var et privat foretak som produserte tjære og terpentin fra tyrirøtter. Anlegget sysselsatte mange både på selve fabrikken, og i skogen for å bryte tyrirøtter.
Komiteen bør som komite stå bak og samle stoff på dugnad, redigere og skrive hvert enkelt kapittel. Dette begrunnes med at det ellers kan bli for kostbart til å klare finansieringen.
Medlemmene i komiteen kan alt nå starte arbeidet med innsamling av stoff og intervju av enkeltpersoner.
Neste møte blir den 29. januar kl 10.00 på Weistad.
Heidal, 08.01.08
Ola Svaet, sekr.
Bureisar-utvalget:
MØTE 1: Referat fra møte 18. desember -07 i utvalg oppnevnt av historielaget for å starte arbeid med samling og presentasjon av bureiserhistoria i bygda.
Tilstede: Sverre Nybø, Svein Sletten, Pål Prestgard, Guri Brobakken, Ola Svaet
Forfall: Terje Steineide og Odd Vang. Sverre Glad var innom med protokoller med oversikt over tidligere jorddyrking i Heidal.
Det var enighet i utvalget om at hele Heidal må tas med i oversikten. Oversikten starter med Ivar Dahle? Målet er å gi ut bok med bureiserhistorie for Heidal. Boka må i tillegg til generell informasjon, ha spesiell fokus på betydningen av bureisingen, - på omfanget av den, og på enkeltbruk, enkeltpersoner og enkeltskjebner. Tallmateriale finnes også i Norske Gardsbruk.
Ola Svaet orienterte om etableringa av Gudbrandsdal Museum as behandlet i Sel kommunestyre 17. desember, og der Sel kommune sluttet seg til selskapet og går inn med betydelig kapital. Det er aktuelt å gå inn i selskapet blant annet med Bureisingssenteret i Murudalen. Dette kan også få betydning for arbeidet med bureisingshistorien.
Fordelte oppgaver: Ola Svaet tar sekretærarbeidet i første møtet, inntil prosjektarbeidet for Heidal 2010 blir avklart.
Pål Prestgard undersøker om det er gitt tilsagn om kommunalt tilskott til historiearbeidet.
Ola Svaet henvender seg til Leif Skomakerstuen om mulighetene for å finne en samlet oversikt over "godkjente" bureisere i Heidal i Statsarkivet på Hamar.
Sverre Glad kom innom med protokoller fra gamle Heidal kommune som viser oversikt over tidligere jorddyrking i bygda. Svein Sletten oppbevarer protokollene.
Ola Svaet skaffer bilde/ diplom fra bureising/ jorddyrking på Stormyr, som var det første bruket.
Neste møte tirsdag 8. januar -08 kl 10.00 på Weistad.
Heidal, 21.12.07
Ola Svaet, referent
- STYREMØTE -
Tysdag den 23. oktober 2007 kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag hos Pål Prestgard på nørdre Prestgard.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken og Sverre Svindland. Sverre Nybø er ute på reise.
Heimesida
Den nye heimesida blei drøfta og arbeidsoppgåver med dette blei fordelt. Det er viktig at vi får fortgang i dette arbeidet slik at sida blir oppegåande. Ståle tek kontakt med web-ansvarleg Arne Randen for meir informasjon.
Når det gjeld kulturminner tek vi sikte på å legge inn stoff om dei mest markante og kjente kulturminnene. Ståle finn stoff om kyrkjeportalane. Sverre tek seg av fangstanlegget på Kvikne-Gråhø og på sikt får fram stoff om muren på Kleivom.
Referat frå turer med bilder kan leggast inn. Alle prøver å finne relevant stoff og spesielt stoff om heidøler som har utmerka seg på ein eller anna måte.
Ope møte
Pål har jobba med å arrangere ein seterkveld i månadsskifte nov/des. Det blir stort sett bokkomiteen for den nye seterboka som tek seg av dette. Historielaget hjelper til etter som det trengs. Det vil bli innslag frå Arvid Møller og Magne Teigen.
Bureisinga i Heidal
Det har lenge vore jobba med å få til eit prosjekt om bureisinga på Murudalen og ellers i kommunen. Pål har nå fått med seg nokre personar som har sagt seg viljuge til å vera med på dette. Desse er: Ola Svaet, Svein Sletten, Terje Steineide, Pål Prestgard og Guri Brobakken.
Prosjektgruppa blir organisert som ei undergruppe under historielaget. Gruppa konstituerer seg sjølve og det må førast protokoll for arbeidet. Gruppa må sette opp ein disposisjon for arbeidet slik at historielaget kan søke kommunen om prosjektmidler til dette. Pål får i oppgåve å kalle inn til fyrste møte.
Andre saker
Pål har fått ein del bilder frå Ola Stormyrengen som han har fått tak i. Dette gjeld bilder i samband med tidlegare Heidal fabrikker.
Sidan sist har det meldt seg inn 2 nye medlemmer slik at talet nå er oppe i 27.
Møtet slutt kl. 2145.
- STYREMØTE -
År 2007, den 13. september, kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Guri Brobakken og Sverre Svindland frå styre. Dessutan møtte Arne Jan Randen, skaparen av heimesida til historielaget. Odd Larsen var også tilstades.
Formålet med møtet var å drøfta Arne Randen sitt forslag til heimeside. Forslaget blei godt motteke. Dette er noko som åpner for heilt nye perspektiv for laget, men også nye måter å jobbe på.
Forslaget til heimeside blei studert, og det blei skissert kva som bør leggast inn i dei einskilde punkta i menyen.
Arne Randen får fullmakt til å ordne med web-hotell og få sida oppe på nettet. Han melder laget inn i Landslaget for lokalhistorie. Han har dessutan sagt seg viljug til å vera web-ansvarleg nå i starten. Sverre S. melder laget inn i Gudbrandsdal historielag.
Det blei understreka at dette vil føre til ein del artig meirarbeid for styret. Vi gleder oss til at dette kjem i gong.
Møtet slutt kl. 2100.
- STYREMØTE -
Den 29. august 2007 kl. 2000 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Veslum i Nedre Heidal hos Ståle Rønningen.
Tilstede: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Sverre Nybø og Sverre Svindland.
Ståle viste fram forslag til heimeside til historielaget som er laga av Arne Randen. Dette ser lovande ut. Det er bestemt at det skal vera eit nytt møte den 13. september der Arne Randen møter og forklarer opplegget.
Sverre S. undersøker prisen på medlemskap i Landslaget for lokalhistorie og Gudbrandsdal historielag (Oppland historielag).
Pål arbeider med å få til eit ope møte i siste del av november. Kan vera aktuelt med ein seterkveld der Gro Heitkøtter blir engasjert.
Pål og Sverre N. prøver å få til ei gruppe som skal ta seg av Murudalsprosjektet. Dersom dette går i orden tek ein sikte på eit sams møte med denne gruppa i oktober for drøfting av opplegg og budsjett.
Møtet slutt kl. 2240.
- STYREMØTE -
Torsdag den 24. mai 2007 kl. 1900 blei det avholdt styremøte heima hos Pål Prestgard på nørdre Prestgard.
Alle i styret var samla.
Det er få saker som blei handsama, men Murudals-prosjektet, Trykkju mølle og bureisermonomentet vart drøfta.
Kvernsteinbrotet i Sjolia blei omtala. Det var semje om å samla mest mogeleg data om dette. Pål høyrer med kulturvernavdelinga i fylke kva dei har av data. Sverre S prøver å koma i kontakt med fagpersoner som har kunnskap om dette.
Like eins lyt ein prøve å samle data om brynsteinbrotet på Geitberget. Ståle tek seg av dette.
Tur i samband med ope helg vart drøfta. Det er kome forslag om tur til Øykjeholet. Jostein Espelund eller Helge Frikstad som turleiar. Sverre S undersøker dette.
Ellers er det stor interesse for tur til fangstanlegget på Kviknegråhø. Her blir det nok med mange frå arkeologigruppa og ellers andre interesserte. Ståle tek seg av dette. Det var prata om sundag den 8. juli.
Ellers vart det prata om arkeologigruppa som har fått ein god start. Det er nå 14 medlemmer i denne, dei fleste er svært så aktive.
Til nå har 25 personer betalt kontigenten for 2007.
Møtet slutt kl. 2100
- STYREMØTE -
År 2007, den 20. mars kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad. Fulltallig styre møtte: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken, Sverre Nybø og Sverre Svindland.
Ståle la fram oppdatert medlemsliste. Det er pr. dato 21 medlemmer som har betalt for 2007.
Ope møte om arkeologi/kulturminner som blei avholdt den 13. mars samla om lag 20 interesserte deltakere. Det blei vedteke å opprette undergruppe i arkeologi. Av dei frammøtte sa 12 personer seg interessert i å vera med. I tillegg har 2 personer som ikkje var på møtet meldt seg på.
Historielaget var invitert til møte om og synfaring av Trykju mølle og Heidal kommunehus i dag, 20. mars. Det er Sel kommune som står som vert for møtet.
Frå historielaget møtte Sverre Nybø og Pål Prestgard. Dei orienterte om møtet. Det var interesse for å få med historielaget i det vidare arbeidet. Det blei bestemt at Sverre Nybø skulle vera historielaget sin representant i dette arbeidet. Historielaget vil og vera med på å framskaffa og dokumentera historia til Trykju mølle og Heidal kommunehus. Svein Sletten i kommunen blir underretta om dette.
Det har og kome førespurdnad frå arbeidsgruppa for bureisarsenter i Murudalen om bistand og samarbeid med historielaget. Dette vart drøfta og det vart semje om at vi skulle be om å bli invitert til neste møte i arbeidsgruppa. Historielaget har lenge jobba med å få til eit prosjekt i Murudalen som skal sjå på bureisinga, skogsdrifta, fløytinga med meir. Historielaget har søkt og fått tilsagn om prosjektmidler.
Vi reknar med at dette prosjektet blir ganske omfattande og har satsa på å få tak i ein person som kan leda dette mot godtgjering. Til nå har det ikkje lykkast oss å få tak i ein slik person. Det er mange som har sagt seg viljuge til å vera med slik at det kunne bli ei større prosjektgruppe. Det kan og koma på tale å dela prosjektet opp i ymse tema, slik at det blir fleire delprosjekt. På denne måten blir det kan hende lettare å få folk til å jobba med dette.
Dersom vi kunne få i stand eit slikt prosjekt, vil det vera naturleg at denne gruppa samarbeider med bureisarsenteret.
Møtet slutt om lag kl. 2100.
ÅRSMELDING 2006
År 2007 den 6. februar kl 1900 blei fyrste ordinære årsmøte i Heidal Historielag avholdt på Weistad.
Alle frå det fungerande styre møtte: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
John Steine og Ola K. Randen møtte frå valnemda. Dessutan møtte Pål Øystein Steineide, Petter Ekre og Sverre Nybø.
Pål Prestgard ynskte vel møtt.
- Innkalling og saksliste blei gjennomgått. Ingen innvendinger.
- Årsmelding for perioden 23.08.2005 31.12.2006 blei lese opp. Godkjent.
- Reknskapen for same perioden blei gjennomgått. Godkjent.
- Val. John Steine redegjorde for arbeidet i valnemda. Dei hadde ikkje funne noko ny leiar etter at Ola Stormyrengen har sagt ifrå seg attval. Det var heller ikkje nokon som ville påta seg andre styreverv.
Etter ein del drøftinger kom ein fram til denne styre-samansetninga: Pål Prestgard tek attval (nestleder) og Sverre Svindland tek attval (sekretær). Ståle Rønningen (kasserer) og Guri Brobakken (styremedlem) er ikkje på val. I tillegg går Sverre Nybø inn i styret. Det er ingen som vil ta på seg oppgåva som leiar så denne oppgåva skal utøvast i fellesskap. På papiret skal Sverre Svindland stå som leiar.
John Steine tek attval i valnemda (ny periode på 3 år)
Pål Øystein Steineide har sagt ifrå seg attval som varamann. Nytt medlem her er Odd Vang. Martha Rindhølen og Britt Rusten tek attval som varamenn.
Kontingent: Som før kr. 100,- pr. år.
Eventuelt
Murudalsprosjektet blei drøfta. Det blei påpeika at det er viktig å kome igong med intervjuarbeidet fortast mogeleg. Det er mogeleg at "Intervjugruppa" kan prioritera denne oppgåva.
Heidal Historielag blir å melde inn i Brønnøysundregisteret.
Ein vil gjere forsøk på å få til ei ny undergruppe som skal arbeide med fornminner (arkeologi)
Ein må undersøke om det er mogeleg å lage eige heimeside, kan hende er det hjelp å få i kommunen.
Førespurdnad frå Ola Svaet (prosjekt Heidal 2010) om oppattnavning av bygda langs Rv. 257. Dette blei drøfta, og det var semje om at styret skulle skriva eit forslag på grunnlag av innspela på årsmøtet.
Til slutt på årsmøtet viste Sverre Nybø utdrag av eit par intervju med eldre folk. Dette var det god kvalitet på og av stor interesse.
Møtet slutt: kl. 2130.
- STYREMØTE -
Den 6. februar 2007 kl. 1800 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
-Revidert regnskap for perioden 23.08.2005 31.12.2006 blei godkjent.
-Årsmeldinga for same periode blei godkjent.
-Førespurdnad frå Ola Svaet (prosjekt Heidal 2010) om synspunkter på "oppattnamning" av bygda langs Rv 257. Dette blei drøfta, og det var semje om å ta dette opp på årsmøte.
-Murudalsprosjektet: Ola Svaet er førespurt om å lede dette, men har takka nei. Det er gjeve tilsagn om midler til prosjektet frå kommunen. Blir å drøfte i årsmøtet.
- Heidal Historielag skal meldast inn i Brønnøysundregistrene.
- Heidal fabrikker. Det viser seg at mykje av arkivet er borte. Det er att ein del bilder som laget kan få disponere.
Møtet slutt kl. 1840.
- STYREMØTE -
År 2007, den 10. januar, blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
Antal medlemmer: I 2006 20 personer, til nå i 2007 har 6 nye medlemmer meldt seg inn, totalt 26 medlemmer.
Ein vil nå gå meir aktivt ut for å sikre fleire medlemmer. Det vil bli sendt ut krav om medlemskontigent til alle gamle medlemmer pluss til ein god del personer som me kan tenke seg vil ha interesse av historielaget. Ståle ordner med dette.
Årsmøtet blei drøfta. Dette blei fastlagt til tysdag den 6. februar kl. 1900 på Weistad.
Ein set inn annonse om dette i GD minst 2 veker før årsmøtet samt at tidspunktet blir kunngjort på medlemskontigenten som blir sendt ut.
Valnemda blir underretta om kva for personer som er på val.
Det blei fastsett nytt styremøte same dag som årsmøtet kl. 1800. Årsmelding og revidert reknskap blir lagt fram på styremøtet til godkjenning.
Sekretæren ordner med innkalling til årsmøtet.
Murudalsprosjektet: Det ser ut som det er vanskelig å finne ein person som kan ta seg av dette. Nestleiaren spør Ola Svaet om han kan tenke seg å vera leiar av prosjektet.
Det blei sett fram forslag om å danne ei undergruppe med arkeologi som interessefelt. Dette var det interesse for. Sekretæren arbeider videre med saka.
Møtet slutt kl. 2100.
- STYREMØTE -
År 2006, den 3. november kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag. Tilstades: Pål Prestgard, Ståle Rønningen, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
Pål har fått tak i dei gamle utgåvene av "I Heidale" hos Ragnhild Glad. Det er tilsaman om lag 30 nr. og det er 2-30 eks. av kvart nummer. Det er to nummer som mangler. Desse må ein prøve å få tak i. Alle forhøyrer seg om folk kan ha liggande eksemplar av bladet. Aktuelt å scanne alt saman. Eit eksemplar bør arkiverast i Norddalsarkivet. Det kan og vera aktuelt å gje dei ut på nytt.
Intervjugruppa som blei danna nå i sumar har så vidt kome i gong. Ein tek sikte på å intensivera dette arbeidet ut over vinteren.
Det blei bestemt at ein vil invitere til medlemsmøte/ope møte den 30. november. Tema for kvelden er framsyning av gamle bilder. Magne Teigen og Svein Lien har sagt seg viljuge til å visa bilder dei har i samlinga si.
Sekretæren skriv invitasjon som blir sendt alle husstander i bygda.
Ståle lagar framlegg til medlemskort. Innhald og utforming blei drøfta i møtet.
Ståle undersøker med prosjektmidler til Murudalsprosjektet. Det er aktuelt å sette ned ei eige prosjektgruppe til dette.
Møtet slutt kl. 2100.
- STYREMØTE -
År 2006, den 5. januar kl. 1900 blei det avholdt styremøte i Heidal Historielag på Weistad.
Tilstaes: Ola Stormyrengen, Pål Prestgard, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
Ståle Rønningen hadde meldt forfall.
Medelen frå nedlagte Heidal Heimbygdslag er endå ikkje overført til Heidal Historielag. Ola kontakter tidlegare formann i heimbygdslaget for å få ordna dette.
Ola har søkt kommunen om kr. 10.000,- i oppstartkapital til historielaget.
Førebels er det kun eit fåtall som har betalt medlems-kontigenten i laget og det vart diskutert ymse måter for å få fart på medlemsvervinga.
Historielaget er invitert til å samarbeide med bygdeutvalget om ein bygdekveld i veke 14. Dette var det interesse for.
Det var semje om å prøve å få til eit nytt ope møte tilsvarande det som vart arrangert den 8. des. i fjor med bygdebokforfattar Ivar Teigum. Dette var ein vellukka kveld, bare så synd at det var så få som møtte opp.
Det er tenkt å avholde slikt møte i veke 5 og temaet for møtet er slektsgransking. Det skal sendast ut skriv til alle husstander slik som førre gongen og der ein samstundes informerer om historielaget.
Sekretæren får i oppdrag å ordne med dette.
Det var ellers diskutert ymse oppgåver som laget kan ta fatt i. Ein var mellom anna inne på:
- Historia til dei ymse idrettslaga som har eksistert i bygda. Dette må då bli eit samarbeidsprosjekt med idrettslaget og enkeltpersoner.
- Innsamling av gamle bilder, samarbeid med fotoklubben.
- Transportutviklinga i bygda.
- Fløytarhistoria.
- Slektsforskning.
- Tidlegare sagbruk i bygda.
- Bureisinga.
- Gardshistorie
- Heidal fabrikker
Det kan vera aktuelt å danne undergrupper for enkelte interesseområder t.d. slektsforskning og arkeologi.
Ein bør og legge opp til turer/ekskursjoner til spesielle stadar innan bygda. Det kan og vera aktuelt å vitje andre stadar.
Møtet slutt kl. 2045.
- STYREMØTE -
År 2005, den 16. november kl. 1900 blei det holdt konstituerande styremøte på Weistad i det nye Heidal historielag som vart stifta på ope møte den 23. aug. d.å.
Tilstades: Ola Stormyrengen (leiar), Pål Prestgard, Guri Brobakken og Sverre Svindland.
Leiaren ynskte vel møtt og orienterte om oppstarten av laget.
1. Val:
På stiftingsmøte var det bare formannen som vart valt og det står att å fordele dei andre postane. Dette blei slik:
Nestleiar: Pål Prestgard
Kasserar: Ståle Rønningen
Sekretær: Sverre Svindland
Styremedlem: Guri Brobakken
2. Medlemsverving:
Det var semje om å sende eit skriv til alle husstandane i bygda med oppmoding til interesserte om å melde seg inn i laget. Sekretæren skriv eit utkast som blir sendt leiaren til godkjenning før utsending.
3. Økonomi
Leiaren ordner med overføring av medelen frå det nedlagte Heidal Heimbygdslag til dette nye laget. Skriv om dette frå Olaf Aaseng av 1. febr .05.
Det var semje om å søke kommunen om startkapital til laget på kr. 10.000,-. Dette tar leiaren seg av.
4. Arbeidsplan/tema for arbeid i laget
For gjera laget kjent og spore til interesse for å melde seg inn i laget vil ein i fyrste omgang prøve å få til eit ope møte med foredragshalder.
Det var semje om at ein skulle høyra med Ivar Teigum om han kunne foredra om det pågåande bygdebokarbeidet, då med hovudvekt på Heidal. Dersom dette er mogeleg er det ynskjeleg å få dette til før 15. des., ellers etter 10. jan.
Nestleiaren tek seg av dette.
Eit anna aktuelt tema er slektsgransking. Sekretæren får i oppgåve å prøve å finne eigna foredragshalder.
Styret går inn for å lage undergrupper i ymse kategorier, men dette kan ein fyrst få til når ein kjenner interessefelta til medlemmene.
Det var ellers drøfta ymse arbeidsoppgåver som laget kan gripa fatt i.
Møtet slutt kl. 2030.
- STIFTINGSMØTE -
Referat frå stiftingsmøte for historielag i Heidal
23. august 2005.
Desse møtte: Pål Øystein Steineide, Ola K. Randen, Martha Rindhølen, Marie-Lise Krukhaug, Odd Larsen, Ola Stormyrengen, Odd Stebergløkken, Arne Randen, Pål Prestgard, John Steine og Ola Svaet
Møtetidspunktet vart bestemt på eit ope møte i mai arrangert av Heidal Bygdautvalg. Da vart det vald eit interimsstyre. Invitasjon til møtet var lagt i postkassene i bygda laurdag 20. august. Det vart dessverre produsert for få, slik at mange ikkje fekk. Ut frå at det har vore arbeidd med saka i mange månader og dette på ulikt vis har vore gjort kjent i bygda, valde dei frammøtte å halde møtet. Møteleiar var Ola Svaet.
Interimsstyret hadde utarbeidd forslag til vedtekter og styre. Alle som var foreslått, hadde vore spurt føreåt og sagt seg viljuge til å sitja i styret. Frå tidlegare ligg det føre skriftleg dokumentasjon frå det oppløyste Heidal Heimbygdslag om at bankkontoen etter det laget, truleg på om lag 6.000kr, kan disponerast av nye Heidal Historielag frå stiftingstidspunktet. Det er og aktuelt å søkje Sel kommune om tilskot til start av laget. Medlemskontingenten vart fastsett til 100 kr tilsaman for tida som er gått av 2005, pluss året 2006.
Stiftingsmøtet bestemte at laget skulle heite Heidal Historielag. Fyrste vanlege årsmøtet blir halde innan utgangen av februar 2007.
Etter at vedtektene var gjennomgått og vedtekne endringar innarbeidd, skreiv alle frammøtte under på original-eksemplaret. Dette eksemplaret blir teke vare på av laget.
Vedtektene vart slik:
Vedtekter for Heidal Historielag:
§ 1. Laget har til føremål å fremja interessa for lokalhistorie og kulturvern, samle inn og ta vare på alt som er av verdi for Heidal si historie og som kan fortelje om folk sine levekår gjennom tidene.
§ 2. Verksemd. For å nå målet kan laget, eventuelt i samarbeid med andre, arrangere møte, kurs, ekskursjonar, registreringar, innsamling av munnleg tradisjon, musikk, målføre, stadnamn, fotografi og anna av historisk interesse. Arbeide for at det kan verte utgjeve historiske skrift av interesse for Heidal. Arbeide for vern av fornminne og kulturminne av alle slag i bygda.
§ 3. Medlemmar av laget er -
Medlemmar som betaler den årlege kontingenten.
Kontingenten vert fastsett av årsmøtet. Medlemsskapen opphøyrer automatisk eitt år etter at årleg kontingent skulle vore betalt.
§ 4. Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemmar og 3 varamedlemmar.
Årsmøtet vel:
a) Leiar for eit år. Dei øvrige styremedlemmar for 2 år.
b) 3 varamedlemmar i nummerrekkjefølgje for 1 år.
c) Revisor for 2 år
d) Valnemnd på 3 medlemmar for 3 år (Eit nytt medlem til kvart år)
Innan styret vert nestleiar, sekretær og kasserar valde. Styret vert samankalla av leiaren. Styremedlemene skal få innkalling minst 3 dagar før møtet. Varamedlemene skal ha tilsendt sakliste. Styret er vedtaksført når minst 3 medlemar er til stades.
Styret kan utpeike nemnder til å ta seg av særskilde arbeidsoppgåver.
§ 5. Reknskapet skal førast for kvart kalenderår og leggjast fram for årsmøtet til godkjenning i revidert stand.
§ 6. Dersom laget tek opp lån for å få gjennomført ei eller fleire saker, vil juridisk ansvarleg person vere leiaren, eller den som styret utpeiker.
§ 7. Årsmøte vert halde kvart år innan utgangen av februar. Det skal kunngjerast i lokalavisene med 14 dagars varsel eller med tilskriving av kvart einskild medlem.
Årsmøtet skal handsama:
a) Årsmelding
b) Revidert reknskap
c) Val
d) Kontingentfastsetjing
e) Innkomne forslag
Alle som møter personleg og har betalt kontingent for siste år, kan røyste. Saker som det er ønskjeleg å behandle på årsmøtet, må vere innkomne til styret seinast 8 dagar på førehand.
§ 8. Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn når styret vedtek det eller når minst 10 røysteføre medlemmar krev det. For innkalling og varsel gjeld same reglar som for årsmøtet. Ekstraordinære årsmøte kan berre handsama den eller dei sakene som er annonserte i innkallinga.
§ 9. Endring i vedtektene kan gjerast på årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei frammøtte.
§ 10. Oppløysing av laget kan skje når 2 på einannan følgjande årsmøte vedtek det med 2/3 fleirtal. Lagets arkiv, aktiva og middel skal då forvarast i Nord-dalsarkivet til eit nytt lag med dei same føremåla kjem i gong att.
Val av leiar for eitt år:
Ola Stormyrengen samrøystes
Val av styremedlemmar for 2 år:
Ståle Rønningen samrøystes
Guri Brobakken samrøystes
Val av styremedlemmar for 1 år:
Pål Prestgard - samrøystes
Sverre Svindland - samrøystes
Val av varamedlemmer i nummerrekkjefølgje:
1. Pål Øystein Steineide - samrøystes
2. Martha Rindhølen - samrøystes
3. Brit Rusten - samrøystes
Val av revisor for 2 år:
Steinar Løsnesløkken - samrøystes
Val av valnemnd:
Ola K. Randen vald for 3 år - samrøystes
Odd Stebergløkken vald for 2 år - samrøystes
John Steine vald for 1 år - samrøystes
John Steine leier for komiteen og har ansvar for innkalling til møte.
Ola Svaet, referent.
|